Rekneskapskonsulent
Har du lyst å arbeide saman med oss? Seksjon for løn og rekneskap søkjer no etter ein engasjert medarbeidar innanfor løn og rekneskapsarbeid i 100 % stilling med arbeidstad Molde.
Løn- og rekneskapsseksjonen er ein del av økonomiavdelinga i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er ei spanande eining som leverer økonomi-tenester av høg kvalitet i ERP systemet SAP og lønssystemet SDWorx. Hovudkontoret for løn og rekneskap er lokalisert i Molde og har i dag 22 tilsette.
Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spanande kaféar og spisestadar. Sjå meir her
Arbeidsoppgåver
- Behandling av innkjøpsordre
- Behandling av inngåande fakturaer, EHF og manuelle
- Behandling av førespurnad om tilgang i SAP
- Øvrige reknskapsoppgåver der det er behov for hjelp
- Arbeidsoppgåver vil bli tilpassa utdanning/erfaring
Kvalifikasjonar
- Økonomisk utdanning og relevant arbeidserfaring
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Gode generelle IT-kunnskapar
- Erfaring i relevante arbeidsoppgåver og kjennskap til fakturabehandling i SAP blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Strukturert
- Gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg
- Utadvendt og imøtekomande
- Kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre
Personlige egenskapet vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Nye og moderne lokale
- Trivelege kollegaer i eit godt og fagleg miljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Kontaktinformasjon
Helge Kjetil Sandblåst, Regnskapssjef, 40639816, helge.kjetil.sandblast@helse-mr.noArbeidsstad
Julsundvegen 47B6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4793545661
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.05.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal