ID 2089 Vernepleiarar - Stord sjukeheim
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
2
Stord sjukeheim er ei eining med 117 institusjonsplassar. 18 av desse er knytt til avdeling Vikjo, som er ei avdeling med plassar for pasientar med utfordringar knytt til psykisk helse og meir.
Me ynskjer å knytte til oss 2 vernepleiarar i 100% stilling til denne avdelinga.
Du som vernepleiar må vere motivert for å jobbe tverrfagleg, sjølvstendig og i team. Avdelinga er samansett med god fagdekning og ei tilsettgruppe med ulike fagutdanningar. Som vernepleiar vil du vere ein del av ei fagmiljø med sjukepleiarar og vernepleiarar frå fleire avdelingar som møtast jamleg.
Arbeids- og ansvarsområde:
Vernepleiar i avdelinga vil delta i alle dagleglivets gjeremål kring våre pasientar. Vernepleiaren vil og ha eit ekstra ansvar for å sikre gode miljøterapeutiske tiltak kring pasientgruppa, både i avdeling og individuelt. Som vernepleiar i avdelinga må du og kunna samarbeide tett opp mot eksterne aktørar både innan helse og aktivitetstilbod.
Viktige fokusområde:
- Målretta miljøarbeid
- Tilrettelegging for kvardagsmeistring
- Tiltak, evaluering og dokumentering
- Styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane
- Hjelpe menneske i ulike livssituasjonar til å meistra eige liv på best mogleg måte.
- Recovery som modell i pasientnært arbeid
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert vernepleiar gjerne med vidareutdanning eller erfaring med psykisk helse- og rusarbeid.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og positivt fagmiljø.
- Godt arbeidsmiljø
- Fagdagar og fagutvikling
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510 / 92486358
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2427939
- Sist endret
25. september 2023
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
29a21abe-4530-4a8c-9814-fe3f5da2eecc