Undervisningsstilling - inntil 100% fast- innan spesialpedagogikk og norsk styrking for språklege minoritetar
Om stillinga
Det vert frå 1. august 2021 ledig inntil 100 % fast stilling i spesialpedagogikk/styrka opplæring for språklege minoritetar ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.
Stillinga inneber undervisning på avdelingane for studiespesialisering og yrkesfag ved skulen på Dalen. Alle programområde er aktuelle.
Kvalifikasjonar
Vi søker etter ein medarbeidar med formell kompetanse i spesialpedagogikk og helst også norsk for språklege minoritetar. Det er ynskjeleg at du også har undervisningskompetanse i eitt eller fleire fellesfag som norsk, engelsk, matematikk eller andre. I tillegg krev fast tilsetjing praktisk-pedagogisk utdanning, men det kan vere aktuelt å tilsetje søkar med påbyrja PPU. Undervisningserfaring er ynskjeleg.
I denne rolla er evna til å etablere gode relasjonar til ungdom med ulike utfordringar ein del av kvalifikasjonane som krevst, og personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tilsetjinga. Erfaring frå liknande arbeid er ynskjeleg. I delar av stillinga kan det bli aktuelt med undervisning i ordinære klasser i fag der du er kvalifisert for dette.
Eigenskapar
Vi legg vekt på ei positiv haldning til ungdom i ulike livssituasjonar og med ulik bakgrunn. Vi ynskjer medarbeidarar som vil strekke seg for å legge best mogleg til rette for læring og som har evna til å kome i kontakt med, motivere og oppmuntre ungdom i læringsarbeidet. Rolla føreset utstrekt samarbeid med leiar for tilrettelegging, faglærarar og andre kollegaer. Evne til samarbeid og fleksibilitet er ein føresetnad.
Vi tilbyr
Eit inkluderande og humørfylt arbeidsmiljø med fokus på kvalitet i opplæringa og eleven sitt beste.
Anna
Vilkår for stillinga følger av lova og dei avtaler som til ei kvar tid gjeld. Kopi av vitnemål og attestar vert levertilsetting i samband med intervjuet. Den som blir tilsett må leggje fram politiattest, jf. opplæringslova § 10-9. For alle stillingar som vert lyst ut gjeld formelt eit atterhald om at behovet for tilsetjing kan endre seg, eventuelt falle bort.
Offentleggjering
Søkar kan bli offentleggjort sjølv om han/ho har bedt om å bli unntatt for dette. Dersom ynsket ikkje kan etterkommast, vil søkaren bli varsla. (Offentleglova § 25)
Om fylkeskommunen
Fylkeskommunen er politisk styrt med fylkesordførar som øvste politiske leiar. Fylkesrådmannen er øvste administrative leiar. Vestfold og Telemark fylkeskommune skal bidra til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen, og har ansvar for viktige oppgåver innan m.a. vidaregåande opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar, samfunnsutvikling og regional- og arealplanlegging. Vi jobbar tverrfagleg og set innbyggarane sine behov i sentrum. Til dette oppdraget søker vi motiverte og endringsviljuge medarbeidarar som er gode relasjonsbyggarar og utviklings- og løysingsorienterte lagspelarar.
Søk på stillingen