Nattevakt, 70 % vikariat ved Solbakken omsorgbustadar
Omtale av arbeidsstaden
Solbakken er eit døgnbemanna bufellesskap og avlastning for barn som ligg i sentrum i Bø i Midt-Telemark kommune. Bufellesskapet består av 5 bustader og ein avlastningsdel. Brukarane som bur her og dei som er på avlastning har ulike hjelpebehov. Og det er eit stort aldersspenn frå barn til voksen over 50 år. Dei som bur og er på avlastning på Solbakken treng ulik type hjelp/veiledning/støtte i kvardags- og fritidsaktivitetar. Personale på Solbakken gir og tenester til brukarar som bur i eigne bustader ute i kommunen.
Kort om stillinga
Vikariat på 70% på natt, med arbeid i veka og på helg.
Arbeidsoppgåver
Å legge til rette for at bebuarane skal ha trygg og god natt. Og at barna skal ha ei trygg natt. Samarbeide med andre om prosedyrer og tiltak. Ulike praktiske oppgåver inne og ute følgjer og med.
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Du må ha interesse for å arbeide med brukargruppa, som i stor grad er personar med utviklingshemming. Du må forstå viktigheta av å skape forutsigbare netter, bygge tillit og gode relasjonar. I tillegg kreves at du kan sette grenser, opptre tydeleg og rolig, også i stressande situasjonar. Må like å arbeide sjølvstendig. Ønskeleg med helsefaglig kompetanse, erfaring i målretta miljøarbeid og kjennskap til lov om helse- og omsorgstenester kap. 9, men ingen krav. God opplæring og oppfølging gis. Personlig egnaheit vektleggas.
Personlege egenskapar
Du må vere engasjert, ha positiv innstilling og og like å arbeide på natt. Du må like å jobbe i team, kor tanken er at kollegaer utfyller kvarandre og gjer kvarandre gode. Må like å arbeide målretta og følgje prosdyrer. Men du må og kunne arbeide sjølstendig, og foreta kloke valg.
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.
Særskilt for stillinga
Krav om politiattest.
E-læringskurset for nytilsette skal tas før oppstart i stilling.
Førarkort kl. B
Medikamentkurs må gjennomføres og må bestå medikamentprøve
Vi tilbyr
God opplæring, trivelig arbeidsmiljø og hyggelige kollegaer.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Om bedriften
Midt-Telemark kommunen har omlag 11000 innbyggjerar.Midt-Telemark kommune har eit godt utbygd skule- og barnehagetilbod. Kommunen kan tilby eit rikt kulturliv og har eit godt utbygd tilbod innan idrett og fritid. Midt-Telemark kommune er eit naturskjønt område med landets beste klima som gir gode moglegheit for friluft sommer og vinter.