Helsesjukepleiar
Det er ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar ved helsestasjonen frå 01.07.2024. I tillegg kan det bli ledig eit vikariat i 80 % stilling frå 01.07.2024 - medio august 2025. Oppgi i søknaden om begge stillingane er aktuelle for deg.
Helsestasjonen er organisert i eining Barn, familie og helse saman med barnevern, tenesta for psykisk helsearbeid for barn, unge og familiar, fysio- og ergoterapitenesta, flykningtenesta og legetenesta. Det er lagt stor vekt på samarbeid med dei andre tenestane i kommunen.
Helsestasjonen har til saman 14 tilsette og avdelingsleiar er næraste overordna.
Det er krav om politiattest av ny dato.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består av førebyggande helsearbeid ved helsestasjonen, helsestasjon for ungdom (HFU) og i skulehelsetenesta.
- Helsesjukepleiar jobbar etter gjeldande lover, forskrifter, retningslinjer og veiledere knytt til helsefremmande og forebyggande arbeid retta mot barn og unge 0-20 år og deira familiar.
- Delta i utvikling av digitale løysingar som gjer tenestene tilgjengelege for målgruppa.
- Planlegging og gjennomføring av individuelle, gruppe- og familiebaserte tilbod.
- Tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som helsesjukepleiar med god kompetanse på barn og unge.
- Vere oppteken av tidleg innsats og helsefremmande arbeid.
- God digital kompetanse.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Helst ha erfaring frå arbeid som helsesjukepleiar.
- Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner.
- Ha god arbeidskapasitet.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Evne til å arbeide strukturert og målretta.
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunele vilkår, og god pensjonsordning i KLP.
Kontaktinformasjon
Tone Marie Giskegjerde, avdelingsleiar helsestasjonen, 95904153Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4783451095
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2024
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.