Ferievikarar
Gulen kommune har behov for sommarvikarar 2019 på avdeling for eigedomsdrift. Det vil vere aktuelt med oppmøtestad i Brekke, på Byrknes og i Eivindvik Søkjarane må skrive i søknaden kvar dei helst ynskjer å vere lokalisert, og om det er periodar dei ikkje kan jobbe i sommar/ ev. andre begrensingar.
Søkjarane kan forvente svar på søknaden i slutten av april.
Arbeidsoppgåver
- Slåttehjelp
- Maling
- Vedlikehald
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Det er ein fordel at sommarvikarane har førarkort for bil og/ eller traktor, men søkjarar utan førarkort vert også vurdert.
Utdanningsnivå
- Fagskule/ fagbrev (to år)
- Grunnskule
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer ferievikarar som:
- er fleksible, sjølvstendige, effektive og nøyaktige
- kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan PU, pleie og omsorg og i skule og barnehage vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfodensiell handsamling, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkej vert godkjent får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Kristoffer Elvebakke, Tlf: 57782031, Epost: kristoffer.elvebakke@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!