Ledig IT-stilling i Etne kommune
Etne kommune EVIKT
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Om jobben
Stillingstittel
IKT-konsulent, 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Etne og Vindafjord IKT (EVIKT) søkjer etter ein ny IKT-medarbeidar. EVIKT består av 5 faste tilsette og ein lærling, som driftar IKT-systema for både Etne og Vindafjord kommune. EVIKT yter brukarstøtte og IKT-tenester til om lag 1200 tilsette og 1700 elevar i begge kommunar, og er delaktige i kommunane sitt arbeid med digitalisering og informasjonssikkerheit. EVIKT har kontor i Etne sentrum, men drifter IKT-system på fleire lokasjonar i begge kommmunar.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåvene i stillinga er dagleg drift av kommunane sitt IKT-system og brukarstøtte for tilsette i kommunane. Dette inkluderer brukarstøtte på klientutstyr og terminalservarar, drift og vedlikehald av servarar, fagsystem, telefonisystem og nettverk. Du vil ha mykje brukarkontakt i stillinga.
Kvalifikasjonar:
- IKT-fagleg utdanning på universitet- eller høgskulenivå er ønskjeleg men ikkje eit krav.
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.
- Erfaring med Windows Server, Microsoft 365 og Azure. Erfaring med Cisco telefoni og nettverk og
- Citrix er en fordel.
- Du må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort for bil.
Eigenskapar:
- Vere kreativ, løysingsorientert og sjølvstendig
- Like å arbeida med menneske
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kunne opptre på ein tydeleg og positiv måte
- Bidra til positivt og godt arbeidsmiljø
Annan informasjon
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2605144
- Sist endret
15. april 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3325537_214831_nn