Vi søkjer kjøkkenkonsulent/salsleiar til vårt Power-varehus i Førde
Power Sunnfjord
Førde
Om jobben
Stillingstittel
Vi søkjer kjøkkenkonsulent/salsleiar til vårt Power-varehus i Førde
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Har du salserfaring, og synes kjøkken er spennande?
Vi søkjer kjøkkenkonsulent/salsleiar til vårt Power-varehus i Førde
Som kjøkkenkonsulent i Power vil du vere ansvarleg for å realisere kjøkkendraumen til kundane våre. Du vil ha ansvar for heile salsprosessen, - frå første kontakt, til kjøkkenet er ferdig montert. Glade og fornøgde kundar er viktig for oss, så vi forventar at du legg lista høgt for service, og er svært strukturert.
Vi ønskjer fortrinnsvis at du har erfaring frå salg av kjøkken, men annan relevant salserfaring. kan også vere interessant. Du bør i tillegg ha eit godt blikk for estetikk, då du skal vere ansvarleg for at kjøkkenutstillingane våre held ein gjennomgåande høg standard.
Vi ønskjer at du:
- Kan jobbe sjølvstendig, men likar å vere ein del av eit lag
- Er god på å kommunisere med menneske og beherskar norsk godt, både muntleg og skriftleg
- Set deg inn i kunden sitt behov og ønskjer
- Trives bra med å jobbe i turnus
- Er nøyaktig og strukturert
- Blir motivert av salg, og strekker deg etter nye mål og resultat
- Bidreg med energi, glede og motivasjon på arbeidsplassen
- Er kreativ og oppteken av å finne gode løysingar
Kva får du igjen av POWER:
- Konkurransedyktig lønn
- Bedrift med tariffavtale
- Gode personalkjøpsordningar
- Attraktive karrieremoglegheiter
- Verdfull erfaring i kundehandsaming
- God opplæring og grundig oppfølging
- Gode utviklingsmoglegheiter
POWER meiner at inkludering og mangfald er ein styrke, og vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å vere god. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, funksjonsevne og kjønn.
Høyres dette ut som noko for deg? Då håpar vi du har lyst til å vere med på laget!
Søknadsfrist: mandag 22. april
Kontakt:
Varehussjef Hege Storevik Mobil: 480 04 800 Epost: hege.storevik@power.no
Velkommen til oss i Power!
Om bedriften
Power-eventyret starta i Danmark i 2015. Seinaree opna vi butikkar i Finland, e-handel i Sverige, og i 2017 kom Power til Norge. Hausten 2023 kjøpte Power international MediaMarkt i Sverige med sine 29 butikkar. Med dette er Power Nordens nye elektrogigant med nærmare 300 butikkar og 5000 medarbeidarar, og vi veks stadig. I 2022 omsette Power Norge for nesten 6,7 milliardar, noko vi er svært stolte av, og som gjer oss til ein av Norges største ekektronikk-kjedar. Power er med andre ord ei verksemd i vekst, ei reise selskapet også tek med sine medarbeidarar på. Power Norge er eit selskap eigd av Power International, som igjen er eigd av Awilhelmsen AS og Dolphin Invest AS ved Øivind Tidemansen. Det norskeigde konsernet driv også Power i Danmark, Finland og Sverige.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2616304
- Sist endret
23. april 2024
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4355011