Førstekonsulent/rådgjevar
Om stillinga
I Olje - og gassavdelinga/Seksjon for marknadsanalyse tilbyr vi no fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar.
Stillinga inneber mellom anna analyse av oljemarknadene og sal av olje. Ein viktig del av jobben vil vere knytt til arbeid i sekretariatet i Petroleumsprisrådet.
Seksjon for marknadsanalyse har ansvar for generelle marknadsspørsmål og analyse av marknadene for olje, gass og våtgass på kort og lang sikt. Vidare har seksjonen fagansvar for spørsmål knytt til staten sin avsetningspolitikk for olje, gass og våtgass. Seksjonen er sekretariat for Petroleumsprisrådet som set normpriser for olje frå norsk sokkel. Seksjonen har og ansvar for oppfølging av marknadsspørsmål for olje og gass internasjonalt, medrekna EU, IEA, IEF, GECF og kontakt med andre olje - og gassproduserande land.
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar
- Stillinga krev mastergrad i økonomi
- Erfaring med bruk av Excel og andre dataverktøy for kvantitativ analyse er ein føresetnad
- Stillinga krev svært god munnleg og skriftleg evne til å framstille på norsk og gode kunnskapar i engelsk.
- Det vil bli lagt stor vekt på gode analytiske evner.
Personlege eigenskaper
Vi søker deg som er nysgjerrig, analytisk, engasjert i samfunnet, resultatorientert og har gode samarbeidsevner.
Du er strukturert, initiativrik, sjølvstendig og hjelper til å skape eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Olje - og energidepartementet tilbyr eit kunnskapsrikt, triveleg og uformelt arbeidsmiljø. Det giast moglegheiter til å jobbe med aktuelle og sentrale saker, og ein får utfordrande oppgåver.
Stillinga vil gi eit stort ansvar og god innsikt i petroleumsverksemda, sentralforvaltninga, internasjonale energispørsmål og samspelet mellom politikk, økonomi, analyse og marknad.
- Årslønn i spennet mellom 458 900 og kr. 535 000
- Fleksibel arbeidstid
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Kontaktpersonar
Om du ønskjer meir informasjon om stillinga kan du kontakte underdirektør Gro Anundskaas, tlf. 22 24 63 04/mob. 913 23 676 eller avdelingsdirektør Morten Anker, tlf. 22 24 62 46/mob. 922 18 426
Om bedriften
Om departementet
Olje- og energidepartementet si hovudoppgåve er å leggje tilrette for ein samordna og helheitleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad vere spegla av mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få til ein balansert samansetnad på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registreringsformål