Undervisningsstilling spansk
OLS - OLSVIKÅSEN VGS, Vestland fylkeskommune
Olsvikåsen 152, 5183 Olsvik
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
Org. nr: 989630008 Stillingsident: 4416759036 Presentasjon av stillingen:
Skulen har om lag 600 elevar. Vi tilbyr programfagområda helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande og kunst, design og arkitektur. I tillegg til vårt tilbod i helse- og oppvekstfag med ordinært opplæringstilbod har vi tilbod om helse- og oppvekstfag som inkluderer studiespesialiserande fag. Innanfor særskilt tilrettelagt opplæring har vi tilbod om kvardagslivstrening, arbeidstrening og yrkesfagleg grunnutdanning. Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø. På Olsvikåsen vgs er nærleik er eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.
Du kan lese meir om oss her
Arbeidsoppgåver
42,98% spansk årsvikariat skoleåret 2021-2022 (frem til 31.07.22)
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, minimum 60 studiepoeng
Personlege eigenskapar
er målretta, systematisk og løysingsorientert
-er positiv, initiativrik og engasjert, og som har gode kommunikasjonsevner
-set eleven si læring og utvikling fremst, og skapar gode relasjonar og læringsmiljø saman med andre
Vi tilbyr
-eit aktivt og stimulerande fagmiljø
-ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
-løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
-gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysninger
-vi gjer merksam på at i følgje offentleglova $25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
-administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
-alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
-den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest
Kontaktinformasjon
Anne Jordalen, avdelingsleiar, 55511415, anne.jordalen@vlfk.no
Arbeidsstad
Olsvikåsen 152
5183 Olsvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4416759036
Stillingsprosent: 42,98%
Vikar
Søknadsfrist: 15.08.2021
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1703300
- Sist endret
15. august 2021
- Hentet fra
webcruiter
- Referanse
4416759036_OLS - OLSVIKÅSEN VGS, Vestland fylkeskommune_webcruiter