100% stilling som helsefagarbeidar ved Tenester for funksjonshemma, Kinsarvik
100% fast stilling helsefagarbeider ved “Tenesta for funksjonshemma” avd. Kinsarvik
Me har ledig 100% fast stilling ved Bråto bufellesskap i Kinsarvik. Du arbeider turnus med kombinasjon mellom langvakter/ kortvakter i vekene, og langvakter kvar 4.helg.
Me søkjer primært etter helsefagarbeidar,barne ungdomsarbeider,men andre med relevant erfaring vert og vurdert.
Bråto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Me driftar også eit dagtilbod, eit avlastningstilbod, og ein gjenbruksbutikk kalla Gjenbruksdraumar i lag med brukarane våre. Denne stillinga er ein kombinasjon mellom arbeid på dagtilbod i vekene, og arbeid i Broto bufelleskap i helgene.
Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Både i form av arbeidstrening og miljøarbeid. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.
Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet, og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.
Hovedarbeidsoppgåver :
- målretta miljøarbeid
- legemiddelhandtering
- varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver.
- yte tenester etter gjeldande vedtak
- bidra til eit godt arbeidsmiljø
- samarbeide med pårørande
Me ser etter deg som
- kan arbeide sjølvstendig og i team
- har eigerskap til arbeidet
- har gode samarbeidsevner
- er tålmodig og reflektert
- er fleksibel og positiv til endringar
- trivest med å vere i fysisk aktivitet
- kreativ og kan aktivisere brukarane
- arbeider målretta med langsiktig miljøarbeid
Erfaring frå målretta miljøarbeid, og interesse for faget og målgruppa vert tillagt stor vekt. Du må vere personleg skikka til stillinga.
Du må ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg
Me kan tilby
- Ein spennande og lærerik jobb
- Opplæring og rettleiing
- Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår
- Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting
Link til søknadsskjema: Søk her