Sjukepleiar, 66 % natt
Org. nr: - Stillingsident: 4239526055 Presentasjon av stillingen:
Tysnes omsorgssenter ligg i Uggdal og er eit nytt og moderne bygg. Omsorgssenteret har tilsaman 30 institusjonsplassar med eigen avdeling for demente og 5 plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald. Det er også knytt KAD-plass til eine avdelinga, der det vert gitt augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus.
Me har no ei ledig stilling som sjukepleiar natt, i 66 % stilling.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg ansvar for pleie og omsorg relatert til bebuarane
- Bistand til bebuarar på omsorgssenteret og til heimebuande brukarar
- Følgje opp pleieplanar og prosedyrar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Søkjarar med fagbrev som helsefagarbeidar kan vurderast for eit år
- Relevant erfaring frå tilsvarande stilling
- Sertifikat kl. B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God datakunnskap, kjennskap til journalsystemet CosDoc vil vera ein fordel
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter lov om helsepersonell § 20a
Personlege eigenskapar
- Profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å anvende kunnskap i praksis
- Engasjert, ansvarsfull og arbeidar målretta med pasientintervensjonar og oppfølging av desse
- Tillitsfull, fleksibel, initiativrik og oppteken av å bidra til godt pasientarbeid og arbeidsmiljø
- Trivast med utfordringar, er løysingsfokusert og oppteken av godt samarbeid
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 66 % natt med arbeid kvar 3.helg
- Ein utfordrande, kjekt og meiningsfylt arbeidskvardag
- Løn etter gjeldande kommunalt regulativ
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv, IA- verksemd
Kontaktinformasjon
Helga Nilsen Boland, Styrar, 951 76 846, helga.n.boland@tysnes.kommune.no
Hildur Heie, Helse- og sosialsjef, 53 43 70 65, hildur.heie@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4239526055
Stillingsprosent: 66%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.