Miljøterapeut med fagansvar
Miljøterapitenesta gir tenester til heimabuande i Helsetunvegen og Kristenbråten. Vi gir også tenester til Avlastning og pårørandestøtte, samt av vi har eit arbeidssenter for aktivisering. Kvart område har dedikerte leiarar, og vi har ein eigen engasjert avdelingsleiar. Avdelinga er omorganisert for å gi ein best mogleg teneste og for at du som arbeidstakar skal bli ivaretatt på ein god måte. Vi er omlag 150 tilsette og håpar du vil vera ein del av laget vårt.
Vi legg vekt på brukarstyring i det daglege der "Aktiviteter i dagleglivet" (ADL) er viktig. Vi har også fokus på kosthald, fysisk aktivitet og at eit godt liv for den einskilde bebuar.
Stillingane som miljøterapaut med fagansvar er knytt til bebuarar i Helsetunvegen. Det er eit godt samarbeid med dei som jobbar på dag og kveld rundt tilbodet til den einskilde. Vi bruker journalsystemet Gerica og turnussystemet Visma ressursstyring som gode hjelpemiddel i arbeidet.
Stillinga har arbeidstid på dag, samt kvar tredje helg.
Vi har no to stillingar ledig. Den eine er 100 % fast stilling og den andre er 100 % vikariat.
Arbeidsoppgåver:
- Helseoppfølgjing av brukarar
- Lage tiltaksplanar
- Lage prosedyrar for brukar, følgje opp, endre og implementere
- Faglig rettleiing av personale i avdelinga
- Brukarmøter i samarbeid med dei tilsette
- Legge til rette for ansvarsgruppemøter
- Vere med i stell og daglege gjeremål hos bebuar
Kvalifikasjonar:
- Vernepleiar eller anna høgskuleutdanning innan helse
- Førarkort for bil
- Gode norskunnskapar
Vi ynskjer at du har:
- kjennskap til psykisk utviklingshemma
- kjennskap til epilepsi
- kjennskap til Helse og omsorgstjenesteloven kap. 9
Vi søkjer etter deg som:
- har gode samarbeidsevner
- er løysingsorientert
- har analytiske evner
- er positiv, engasjert og villig til å gi det lille ekstra for brukarar og tilsette
Vi tilbyr:
- Engasjerande arbeidsoppgåver
- Fagleg samarbeid
- Moglegheit for fagleg utvikling
For stillinga gjeld:
- Løn etter tariffavtale for høgskuleutdanna, samt eitt tillegg for å vera fagansvarleg
- Gode pensjonsordningar
Politiattest må legges fram før tiltreding i stillinga
Anna:
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Stian Røstberg via Tenestetorget 32029000.
Søkjarar som er tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på den e-posten som vi bruker for å sende deg lønsslipp.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Om bedriften
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.