Undervisningsvikariat i norsk og engelsk
Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Holsekerdalen 180, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsvikariat i norsk og engelsk, 100%
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ein lærar som kan undervise i faga norsk og engelsk. Lengda på vikariatet er usikkert, i første omgang hausten 2024, men det kan bli forlenga.Kvalifikasjonar
Har utdanning minimum på bachelornivå, med undervisningskompetanse i norsk og engelsk, gjerne mastergrad i eit av faga.
Har PPU.
Kompetanse innan eller erfaring frå undervisning i norsk som andrespråk er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar
Er nyskapande, fleksibel og kan samhandle.
Har høge ambisjonar på vegne av elevane, god formidlingsevne og eit positivt elevsyn.
Er ein tydeleg leiar i klasserommet og evnar å bygge gode relasjonar til elevar og mellom elevane.
Er utviklingsorientert og initiativrik.
Er pålitelig og har gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
Introduksjonsprogram.
God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK).
Løn etter tariff.
Andre opplysningar:
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Margaret Alme, Rektor, +47 95839744Bård Ringstad, Avdelingsleiar, +47 93040441
Arbeidsstad
Holsekerdalen 1806065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4861363424
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skulen (ulstein.vgs.no)
SKULEBYGG
Skulen ligg i Høddvollområdet, næraste nabo til Høddvoll stadion. Skulen har undervisninga si i skulen sitt bygg og i Ulsteinhallen, som er bygd saman med Ulstein vgs. Idrett og kroppsøving har undervisning i Ulsteinhallen, i Ulsmohallen og på Høddvoll stadion.
KLASSETAL/ELEVTAL
Skulen skal for skuleåret 2023-2024 ha 9 klasser i utdanningsprogrammet Studiespesialisering, 1 klasse Påbygg til generell studiekompetanse, 6 klasser Idrettsfag, 4 klasser Elektrofag, 2 klasser Sal, service og reiseliv, 2 klasser IKT og medieproduksjon og 1 Tilrettelagt klasse. Dette utgjer om lag 550 elevar.
SKULEDAGEN
Skuledagen er frå kl.08:20 til kl.15:15. Skuleåret 2020-2021 la vi om timeplanen. Omlegginga vart slik at vi har færre fag per dag og lengre økter i kvart fag. Enkelte dagar har vi berre eitt fag. Timeplanen vil variere frå veke til veke - dette for å få meir ro i skulekvardagen og få betre tid til fagleg fordjuping.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2753259
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aa251fa458174aee98f5fc4bdc19fdfe