Kyrkjetenar - Ikkje berre gudstjenester, men også plenklypping!
Øystre Slidre Kirkelige Fellesråd
Berglivegen 1, 2943 Rogne, Øystre Slidre
Om jobben
Vil du ha ein ekstrajobb som gjer meining og bidreg i lokalsamfunnet. Som kyrkjetenar kan du hjelpe mange til å gjere dei viktigaste hendingane i livet meir minneverdige. Du får også vere med på å drive og halde ved like kyrkja.
Stillingstittel
Kirketjener
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 11%
Arbeidstid
Skift, kveld og dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Ein person som er villig til å ta i eit tak og vil bidra til samfunnet. Personlege egenskapar blir sterkt vektlagt. Praktisk sans og stå på vilje er ein stor fordel.
Arbeidsoppgaver
Dei viktigaste oppgåvene til kyrkjetenaren er mellom anna
- Ansvar for at kyrkja er klargjort og vert rydda i samband med gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Gjere vaktmeisteroppgåver som løpande tilsyn etter hugseliste, og rapportere til dagleg leiar
- Ringje med klokkene etter soknet sitt reglement
- Andre forefallande oppgåver
- Plenklypp av kyrkjegarden om du vil.
Vi tilbyr
Ein meiningsfull jobb som gjer mange gode opplevelser for den rette personen.
Om bedriften
Fellesrådet er teneste- og forvaltningsorganet for Den norske kyrkja sine 4 sokn innan Øystre Slidre kommune, som ligg i Valdres prosti og Hamar bispedøme.
Vi ynskjer å representere ei tenande og open folkekyrkje som er til stades i livet til medlemmane - og som er ein aktiv medspelar i offentleg og frivillig arbeid for lokalsamfunnet.
Fellesrådet står for drift og vedlikehald av 4 kyrkjer - av desse ei stavkyrkje - og 4 gravplassar. Rådet tek i vare dei overordna administrative og økonomiske oppgåvene for dei lokale sokna til Den norske kyrkja, og samarbeidet med den kommunale forvaltninga.
Kyrkjeverja er dagleg leiar for denne verksemda og for 12 tilsette - ca. 4 årsverk.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2560992
- Sist endret
5. mars 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
27849c37-ce3d-4e63-bc97-5f056fa538ba