Kulturskulelærar, gitar
Org. nr: - Stillingsident: 4260416851 Presentasjon av stillingen:
«Kultur er kult!»
Tysnes kulturskule -- gode kulturelle verdiar i Tysnes
Målsettinga til Tysnes kulturskule, er at det skal vere eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gje eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gje elevane høve til å oppleve meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader. Målgruppa er born og unge.
Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og samhandling, og skal vere ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen. Tysnes kommune søkjer no etter ein lærar for gitar, i 10,26 % stilling. Stillingsstorleik er satt ut frå undervisning av ca 6 elevar, og kan verte justert om elevtalet vert høgare. Tysnes kulturskule har tilsaman fem tilsette og ca. 85 elevplassar innan ulike musikktilbod.
Stillinga som lærar for gitar har vore organisert med individuell gruppeundervisning etter skuletid, og har hatt ei samla elevgruppe på 4-6 elevar. Elevarrangement, førestellingar og deltaking i lærarkollegiet, vert gjennomført til oppsett plan.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning med enkeltelevar på gitar
- Planlegging og gjennomføring av framsyningar
- Den som blir tilsett skal undervise etter pedagogiske og metodiske prinsipp, som gjer undervisninga læringsfremjande, engasjerande og kjekt for elevane
Kvalifikasjonar
- Høgare musikk-/dans- og praktiskpedagogisk utdanning, minimum 3 år
- Dersom søkarar kan dokumentere tilsvarande realkompetanse, kan utdanning fråvikast
- Erfaring frå undervisning i kulturskule eller anna musikkopplæring er ein fordel
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- Personlege kvalifikasjonar vert tilltagt stor vekt ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Har engasjement og interesse for å undervise barn og ungdom på alle nivå, i eit trygt og motiverande læringsmiljø
- Evnar å tilpasse opplæringa ut frå eleven sitt nivå og interesse
- Samarbeider godt og evnar å skape entusiasme hos elevane
- Fleksibel og løysingsorientert kollega, som evnar å arbeide sjølvstendig
- Søkjarar vert vurdert i høve til kompetanse, kulturskulen sitt behov og personleg eigenskapar
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 10,26 %
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Løn etter kommunalt regulativ
- Ein arbeidsplass som er IA-verksemd, og har gode rutinar for oppfølging
Kontaktinformasjon
Yngve Nikolaisen, Kulturskulerektor, 468 15 697, yngve.nikolaisen@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Tysneshallen
5680 Tysnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4260416851
Stillingsprosent: 10,26%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.