Saksbehandler søkes til Orstad skule
Orstad skule er ein 1.- 10. skule med læringssenter, og totalt ca 300 elevar og 65 tilsette. Administrasjonen består av saksbehandlar, 3 avdelingsleiarar, SFO-leiar og rektor.
Vi søker ny saksbehandlar i 80 % fast stilling ved Orstad skule.
Vi søker etter ein dyktig og motivert saksbehandlar som på mange måtar vil være skulen sitt ansikt utad. Vi trenger ein allsidig medarbeidar som er sjølvstendig, legg vekt på gode relasjonar og er løysningsorientrert. Variasjonen i arbeidsoppgåvene er store.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjon og sentralbord
- Skuleadministrative systema
- Skuleskyss
- Post og arkivansvarleg
- Lønns- og personalrutinar
- Oppgåver knytt til skulens økonomi
- Fakturering og budsjettoppfølging
- Innkjøp og kontakt med leverandørar
- Diverse forfallande kontorarbeid
- Andre oppgåver ved behov og etter avtale med rektor
Stillinga går inn under kommunale vilkår. Den som blir tilbudd stilling må framlegga politiattest, jf. barnehagelova § 19. Attesten skal ikkje være eldre enn 3 månader.
Krav til kompetanse
- Fagbrev innan kontor- og administrasjonsfag og gjerne erfaring frå skulesektoren
- Annan relevant formell utdanning kan bli vurdert
- Relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning
- God IKT-kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Engelskkunnskapar (kommunikasjon og enklare saksbehandling)
- Erfaring med skuleadministrasjonssystem er ønskeleg, vi bruker Visma Flyt Skule
- Personleg egnethet blir vektlagt
Stillinga medfører mye kontakt med menneskjer, både via telefon, e-post og besøk. Det legges stor vekt på gode relasjonsferdigheter.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, fleksibel og løysningsorientert
- Ansvarsbevisst
- Gode samarbeids - og kommunikasjonsevnar
- Strukturert og nøyaktig
- Omstillingsdyktig og motivert for faglege oppdateringar
- Resultatorientert
- Ha auge for kvalitetsforbedringar
- Stor arbeidskapasitet
Stillingsnummer: 20/599
For meir informasjon, ta kontakt med rektor Tor Åge Risnes på telefon 51785500/92817769
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.