Sjukepleiar 50 % natt
Akuttmottak og observasjon sengepost Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Org. nr: - Stillingsident: 4291908048 Presentasjon av stillingen:
I akuttmottak har vi ledig stilling som sjukepleiar, 50 % natt. I stillinga inngår 16 arbeidshelger/år. Stillinga er ledig frå dags dato og den vi søker har erfaring frå arbeid i akuttmottak og frå kontrollrom. Stillinga er i hovudsak ei nattevaktsstilling, men enkelte vakter dag og kveld kan førekomme. Andre stillingar utan forventning om ICCS- og kontrollromskompetanse kan bli ledige. Opplys om interesse for det i søknadstekst.
Arbeidsoppgåver
- I stillinga inngår arbeid i smittemottak, akuttmottak, observasjonspost og kontrollrom ved Stord sjukehus.
- Som sjukepleiar i akuttmottak møter ein sjuke og skadde pasientar i alle aldersgrupper. Ein jobbar både sjølvstendig og som eit del av eit større team i ein variert og utfordrande arbeidsdag.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Søkjarar bør ha relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Det er ynskjeleg at søkjarar har erfaring frå akuttsjukepleie/akuttmedisin.
- Det er ynskjeleg at søkjarar kan handtere ICCS og kontrollromsarbeid, kjenne til og kunne bruke Nødnett som kommunikasjonsveg.
Personlege eigenskapar
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø også på tvers av profesjonar
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du er engasjert i faget og viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottek gjerne hjelp
- Du må trivast i eit aktivt og tidvis hektisk miljø og vera fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Relevant opplæring
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med stolte medarbeidarar
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- Fagleg utvikling
Kontaktinformasjon
Britt Johanne Rikstad Myklevoll, Seksjonsleiar, 53491052
Tina Dahle Nilsen, Funksjonsleiar, 90606423
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4291908048
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2020
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
712011
- Sist endret
8. oktober 2020
- Hentet fra
webcruiter
- Referanse
4291908048_Akuttmottak og observasjon sengepost Stord, Helse Fonna HF_webcruiter