Sommarjobb - Sommarskule i Kvinnherad - Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Sommarskulen er eit gratis tilbod for elevar som ynskjer å bruke litt av sommarferien til å læra noko nytt, fordjupe seg i eit tema eller berre få nokre nye opplevingar! Sommarskulen er for elevar som skal starte i 5.klasse og opp til og med dei som er ferdig med 10.klasse. Sommarskulen vil finne stad i veke 25, 26 og 27.
Kvinnherad Kommune, eining barn og familie er ansvarleg for tilboda i Sommarskulen.
Vi søkjer
Vi søkjer etter deg som kunne tenke deg sommarjobb i fire veker (eller kortare) for å førebu og gjennomføre sommarskulen i kommunen i år. Du vil starte opp i veke 24 og avslutte i veke 27.
Du er lærar/anna eller student og ynskjer å bidra til at barn og unge får eit strålande aktivitets- og læringstilbod i Kvinnherad i sommar.
-
Dine kjerneoppgåver vil vere å fasilitere grupper med inntil 15 barn og unge i ulike sommarskulekurs. Me deler dei inn i aldersgrupper 4.-7.trinn og 8.-10.trinn.
-
Du vil kunne vere kontaktperson som føl "di" gruppe på dei ulike aktivitetane.
-
Om du har eit spanande kurs du kunne tenke deg å opprette som eit tilbod i sommarskulen er vi og interessert i å komme i kontakt med deg.
-
Vi sørgjer for mat/lunsj.
-
Sommarskulen varer om lag frå kl. 09 - 15 kvar dag, med lunsj kl.12. (utanom dei kursa som skal ha overnatting). Tilsette si arbeidstid er frå kl. 08:00 - 16:00 utanom dei kursa som har overnatting som ein del av opplegget.
-
Vi må ha politiattest frå alle som skal jobbe på sommarskulen, ut frå reglane om arbeid med born. (Det søkjer ein enkelt om digitalt på www.politiet.no).
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.