Pedagogisk leiar 100% fast stilling
Geiranger skule og barnehage, Stranda kommune
Maråkvegen 54, 6216 Geiranger
Om jobben
Stillingstittel
Geiranger skule og barnehage - pedagogisk leiar
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Velkommen til mangfaldige Geiranger. Kanskje verda si største bygd på sommarstid, men også ei lita, roleg og koseleg bygd på vinterstid. Midt i smørauget i sentrum av Geiranger ligg barnehagen, samlokalisert med Geiranger skule og SFO i verdsarvområdet Geirangerfjorden. Nærmiljøet rundt barnehagen er ulikt noko anna, med bratte fjell som kransar rundt bygda og den unike Geirangerfjorden. Nærområdet og den majestetiske naturen er gull verdt for aktivitetane og det pedagogiske opplegget i barnehagen. Barnehagen består av ei avdeling og har eit svært rikt språkleg- og kulturelt mangfald for storleiken sin. Som tilsett i Geiranger barnehage har du ei unik moglegheit til å skaffe deg erfaringar få andre plassar kan tilby. Saman med eit sosialt og fagleg sterkt kollegium, Fjordsenter, verdsarvstiftinga og andre lokale aktørar har du fleire unike ressursar til å utvikle og tilpasse aktivitetane i barnehagen.
Vi har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.2024
For å skaffe oss rett kompetanse vurderer Stranda kommune å bruke rekrutteringstiltak som dekt husleige og tilleggsansiennitet.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort, jf. Offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger har vi også eit ledig vikariat som lærar i 100% stilling ved Geiranger skule komande skuleår. Sjå ellers Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Ha omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
- Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere pedagogisk arbeid
- Vere ein god rollemodell og veiledar
- Bidra til eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Legge til rette for godt samarbeid med heimane
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar
- Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan søkjarar med anna relevant utdanning og/eller praksis frå barnehage/SFO bli vurdert for midlertidig tilsetjing
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Positiv og stabil
- Initiativrik og evne til å engasjere born i leik, både ute og inne
- Tek ansvar, er fleksibel og sjølvstendig
- Glad i å kommunisere og samarbeide med store og små
- Har helse som er forenleg med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
Vi tilbyr
- Ein spennande og allsidig jobb med stor påvirkningskraft
- Engasjerte og utviklingsorienterte kollegaer
- Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige med inntil kr. 10 000/mnd fyrste året og om det eventuelt skal brukast tilleggsansiennitet
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Kontaktinformasjon
Joachim Fiskarstrand Røbekk, Einingsleiar, +47 46411179Arbeidsstad
Maråkvegen 546216 Geiranger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4817478671
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.06.2024
Kontaktperson for stillingen
Joachim Fiskarstrand Røbekk
Einingsleiar
+47 46411179
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2655957
- Sist endret
7. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
46f9c09a82d34707b029adc210539def