Sjukepleiar, 100 % stilling
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Steinholtvegen 6, 6240 Ørskog
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 1 x 100 % stilling
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Hei, vi treng fleire sjukepleiarar og ønsker oss ein sprudlande og ansvarsbevisst kollega. Vi er ei lita avdeling med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale.
I distriktet Ørskog, har vi ledig 100 % fast stilling som sjukepleiarar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg.
Det kan bli muligheter for langvakter (12,5 timer) på helg med arbeid kvar 4.helg.
Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter.
Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter. Vi har tett samarbeid med Ørskog omsorgssenter.
Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krever høg fagleg kompetanse. Heimetenesten er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.
I tenesten blir det nytta kommunale bilar som står under carport ved kontorbasen.
Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan ma friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.
Arbeidsoppgåver
- Behandling og pleie av heimebuande brukarar, både i private heimar og bufellesskap
- Oppfølging av sjukepleieoppgåver
- Samarbeid med pårørande, fastlegar, sjukeheim, sjukehus og anna tverrfagleg samarbeid
- Handtere akutte situasjonar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Det stillas krav om norske språkferdigheter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
- Førarkort for personbil (manuell)
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner (munnleg og skriftleg)
- Kan arbeide sjølvstendig og effektivt, både åleine og i team
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Vilje til å stå på
- Bidra til å skape eit trygt og meiningsfylt miljø for brukarane
- Du må vere strukturert og løysningsorientert
- Ha evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing
- Erfaring frå likande arbeid vil vere ein fordel
Vi tilbyr
- Mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø
- Eit spanande arbeid med rom for fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande tariff
- Godtgjering for praksisveiledning av sjukepleiarstudentar
Kontaktinformasjon
Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar, maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.noLinn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 90684106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Steinholtvegen 66240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4849805010
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2726223
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aec14f8edecb4ed2905c5293b7dea0fb