Rådgjevar/seniorrådgjevar - beiteundersøkingar i utmark
Jobbnorge ID: 164941
Nøkkelinformasjon
NIBIO har eit nasjonalt ansvar for kartlegging av beiteressursar i utmark både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Dette skjer ved vegetasjonskartlegging tinga av lokale interesser eller ved utvalskartlegging i nett av prøveflater. Kartlegginga er mest basert på feltarbeid. Arbeidet skal få fram kunnskap for næringsutøvarar og forvaltning, samt for utforming av politikk kring beitenæring og matproduksjon.
Instituttet har ansvar for å omsette innsamla data til god informasjon og drive aktiv formidling og dialog med brukargrupper. For å fylle desse oppgåvene har instituttet no ledig stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar med beiteressursar i utmark som viktigaste arbeidsområde. Arbeidsstad er Ås i Akershus.
Hovudoppgåvene til stillinga
- Utgreiingar, analysar og prosjektrapportering knytt til beitebruk og beiteressursar i utmark
- Utstrakt brukarkontakt for formidling av kunnskap og informasjon kring utmarksbeite
- Arbeidet foregår i prosjekt, prosjektleiing vil difor bli ei viktig arbeidsoppgåve
- Feltarbeid. Det må reknast med utstrakt feltarbeid i månadane juni - september. Vegetasjonskartlegging etter instituttet sin eigen instruks vil vera ei hovedoppgåve i felt, men andre typar feltarbeid kan også vera aktuelt.
- Bearbeiding av innsamla feltdata frå flybilete til kart, samt lagring, arkivering og dokumentasjon av data
Kvalifikasjonskrav
- Mastergrad innan naturforvaltning eller anna relevant fagområde (husdyrernæring, geografi, biologi)
- God kunnskap om planteliv i utmark, beitebrukande husdyrslag, beitenæring og forvaltning
- Erfaring med prosjektleiing
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (arbeidsspråk ved formidlingsarbeid er norsk)
- Kompetanse om - og praktisk erfaring med bruk av - geografiske informasjonssystem
Personlege eigenskapar
- God kommunikasjonsevne - noko som trengs i dialogen med instituttet sine brukarar og samarbeidspartnarar
- Interesse og evne til å etablere og pleie faglige nettverk - noko som er viktig i høve til næring og forvaltning
- God evne til samarbeid, men og sjølvstendig arbeid
- Fleksibilitet, herunder i høve til å kunne arbeide lengre periodar i felt og yte ekstra når det trengst
Vi tilbyr
Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som rådgjevar kode 1434 eller seniorrådgjevar kode 1364, lønssteg 55 - 72 (kr 480.600 - 658.300 pr. år). Løna vert vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.
Treng du meir informasjon?
Kontakt seniorrådgjevar Yngve Rekdal, tlf 959 33 520, eller avdelingsleiar Hanne Gro Wallin, tlf 902 41 612.
Korleis søkja på stillinga
Søknad med CV sendar du elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.
Generelle opplysingar
Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
NIBIO er ei IA-verksemd (inkluderande arbeidsliv).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
NIBIO arbeider med landbruk, mat, klima og miljø. Vi leverer forsking, forvaltingsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvalting, næringsliv og samfunnet elles. NIBIO har hovudkontor i Ås i Akershus, har om lag 700 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO.
Avdeling arealundersøkelsar har ansvar for å samle inn kunnskap om genetiske ressursar og arealressursar innan jordbruk og utmark. Det skjer ved datainnsamling frå feltarbeid og eller tolking av fly- og satellittbilete, trygge forvaltingssystem og høg kompetanse for analyse og bearbeiding til brukarnyttig informasjon. Avdelinga har aktiv og brei formidling mest retta mot landbruksforvalting og -næring på alle nivå.