Heimehjelp - Sunnylven distrikt
Stranda kommune
Hellesyltvegen 17, 6218 Hellesylt
Om jobben
Stillingstittel
Heimehjelp - Sunnylven distrikt
Antall stillinger
1
Det er ledig 40 % stilling som heimehjelp. Heimehjelpa yter praktisk bistand (reinhald) til heimebuande i privat- og omsorgsbustadar. Arbeid vert utført på dagtid kvardagar.
Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
Bistå heimebuande med reinhald av eigen bustad.Kvalifikasjonar
Interesse og ønske om å arbeide med personar med bistandsbehov.
Førerkort klasse B.
Gode norskkunnskaper.
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig og pliktoppfyllande.
Kontaktinformasjon
Anne Lise Lødøen Helset, Fagleiar, +47 46411183Arbeidsstad
Hellesyltvegen 176218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4863936990
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2024
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2750927
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8bec050862e54a7a82b01f0c0992c5f0