Ekstrahjelp
Vinmonopolet
Lars Hertevigs gate 6, 4005 Stavanger
Om jobben
Stillingstittel
Ekstrahjelp
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ekstrahjelp
Vi treng ekstrahjelp til vår på Stavanger Herbarium.
Du bør ha 3-årig vidaregåande skole (eller tilsvarande kompetanse) og erfaring frå butikkarbeid. Du må vere serviceinnstilt, vise initiativ og ha gode samarbeidseigenskapar. Det er òg ønskjeleg med grunnleggjande datakunnskapar.
I Vinmonopolet er det eit mål å oppnå balansert samansetning i høve til alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn. Alt salspersonale hos oss må vere over 20 år.
Les meir om personvern i Vinmonopolet her: https://www.vinmonopolet.no/personvern
Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte butikksjef Inger Helen Byberg på telefon 948 33 080.
Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.Søknadsfrist: 15.10.24Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.
Om bedriften
Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol. Vi er den største vinbutikken i verda, med vel 35 000 produkt, og har einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl. Med på laget har vi over 2 000 stolte, engasjerte og dyktige medarbeidarar, fordelte på nærmare 350 butikkar, kundesenter, netthandel og administrasjon. Vi er på jakt etter deg som vil vere med å ta vare på det gode omdømmet vårt og bidra til at vi held fram med å vere ein faghandel i verdsklasse.Dette gjer vi gjennom kundemøte prega av fagkunnskap, god service og ansvarskjensle. I tillegg vil du vere ei viktig brikke i arbeidet med å gjere Vinmonopolet til ei føregangsverksemd på berekraft. Vi skal vere rå på fag, stolte kvar dag og best saman som lag.
Sektor
Offentlig
Nettsted