Tilkallingsvikar
Org. nr: - Stillingsident: 4292151926 Presentasjon av stillingen:
I eining Habilitering har me behov for tilkallingsvikar.
Eininga består av 3 bustadar for psykisk utviklingshemma. Stemhaugen bueining og Åsvegen bueining ligg i Sveio sentrum. Straumøy gard ligg nord i kommunen. Som tillkallingsvikar må du kunne stille på kort varsel.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er varierte, men består i all hovudsak i å gi brukerane ein innhaldsrik og aktiv dag ut frå forutsetnad hos kvar enkelt. Hjelpe til med personleg hygiene og leggje til rette for brukarmedvirkning og oppleving av meistring.
Er du faglært vil du kunne få andre oppgåver enn som assistent.
Kvalifikasjonar
- Gjerne utdanning eller fagbrev innan helse. Studenter er velkommen til å søkje.
- Erfaring frå tilsvarande arbeid vil være ein fordel.
- Førerkort klasse B vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, noko både dine kollegaer og brukerane merkar seg.
- Du må være ansvarsbevisst og kunne jobbe sjølvstendig.
- Du samarbeider godt, og ser om din kollega har behov for bistand.
- Du likar utfordringar og likar å ta i eit tak.
Vi tilbyr
- Opplæring og fagleg rettleiing vert gitt
- Løn etter tariff
- Positivt fagmiljø med gode kollegaer
- Ein variert og meiningsfull jobb
Kontaktinformasjon
Kjersti Jacobsen, Avdelingsleiar Stemhaugen, 92247460
Peer Cato Sjursen, Avdelingsleiar Åsvegen, 94164806
Arbeidsstad
Løkjavegen 35
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4292151926
Stillingsprosent: 1%
Vikar
Startdato: 12.10.2020
Søknadsfrist: 07.10.2020
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.