Vil du bli jordskiftedommar ved Møre og Romsdal jordskifterett?
Om stillinga
Det er ledig ein eitt-årig konstitusjon, med muligheit til forlenging i eitt år som jordskiftedommar ved Møre og Romsdal jordskifterett. Tiltreding er etter nærare avtale. Domstolen er lokalisert på rettsstadene Surnadal, Molde og Ørsta. Det er pr. i dag sju dømmande årsverk, og til saman 17 årsverk i rettskrinsen.
Kontorstaden for jordskiftedommaren vil vere i Surnadal. Det må påreknas å ta saker i heile rettskrinsen.
Kvalifikasjonskrav
For stillinga blir det kravd jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå med fagkrins fastsett av departementet, delegert til Domstoladministrasjonen, frå NMBU eller frå Høgskulen på Vestlandet. Jamstilt er eksamen frå NMBU/UMB/Noregs landbrukshøgskule med hovudkurs i jordskiftefag/eigedomsutforming.
Det er ynskjeleg med brei yrkes- og livserfaring. God skriftleg og munnleg framstillingsevne, analytisk evne, god menneskekunnskap og gode samarbeidsevner, vil også bli vektlagt. I tillegg vil det bli lagt vekt på at kandidaten har evne til å vidareutvikle jordskifteretten i tråd med krav og forventningar som brukarane har.
Lønn etter Statens regulativ, jordskiftedommar kode 0455. Årleg lønn er for tida kr 921 900,-.
Frå lønna blir det trekt 2 % innskott til Statens pensjonskasse. Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Jordskifteretten har ei bilordning og søkjaren må ha førarkort for bil.
Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.
Det er god praksis i jordskiftedomstolane at ein hjelper kvarandre med saksavviklinga på tvers av soknegrensane. Søkjarane må difor vere innstilte på å ta saker utanfor eige sokn.
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.jordskifte.no/www.domstol.no/innstillingsradet.
Ytterlegare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
- Møre og Romsdal jordskifterett v/jordskifterettsleiar Asbjørn Rogne, tlf. 97 69 48 40
- Innstillingsrådet for dommarar v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00
- Domstoladministrasjonen v/avd.direktør Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00
Meir informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no.
Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på at opplysningar om søkjar likevel kan gjerast offentleg, jf. Offentleglova § 25.
Ved å søkje på stillingar i www.jobbnorge.no samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil kun bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.
Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eit vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.
Søknadsfrist: 22. august 2022
Om bedriften
Om oss
Norges domstolar er i utvikling. Stortinget har gitt si tilslutning til ei større endring i organiseringa av domstolane. Dei 60 tingrettane har blitt til 23, dei 34 jordskifterettane har blitt til 19. Alle dagens rettsstader vert vidareført.
Domstolane vil ha verksemd på alle rettsstadane, og vert leia av éin jordskifterettsleiar. Samstundes gjennomfører domstolane ei stor modernisering og digitalisering av verksemda.