Vernepleiar 100%
Alver kommune
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleier/sykepleier 100%
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Om stillinga
Som vernepleiar blir du ein viktig del av det aktive fagmiljøet på Stallanemarka burettslag. Du vil få ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid, samt vere med i arbeidet med å implementere rettleiar: Gode helsetenester. Deler av stillinga inneber oppfølging av enkelte tenestemottakarar i det daglege. Det blir lagt opp til at stillinga vil få avsett noko kontortid på føremiddagen. Det er todelt turnus med arbeid kvar 4. helg med langvakter. Det er også nokre langvakter i vekedagane slik at turnusen har nokre periodar med langfri.
Du må trivast med å arbeide strukturert og variert, samt ha evne til å halde hovudet kaldt og vere løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Vi søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og tek utfordringar på strak arm. Saman har vi som mål å levere tenester av høg fagleg kvalitet!
Dersom du syns dette høyrast spanande ut, og vil vere med i teamet som driv denne tenesta, vil vi gjerne høyre frå deg!
Krav til stillinga
- Autorisert vernepleiar vil bli prioritert. Autoriserte sjukepleiar kan også søkje.
- Andre med sosialfagleg eller pedagogisk utdanning kan vurderast om har relevant praksis frå habiliteringsfeltet. For søkjarar som ikkje er autorisert vernepleiar er det krav om dokumentert erfaring frå habiliteringsfeltet, inkludert erfaring med kapittel 9 og arbeid med nevrodiversitet.
- Krav om minst 30 studiepoeng rettleia praksis i studietida.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tilsvarande minimum nivå B2.
- Grunnleggjande IKT-ferdigheiter.
- Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Ønskelig kompetanse
Det er eit føremon om du har:
- Erfaring med Kap. 9
- MAP eller anna lavaffektiv tilnærmingsmetode
- Utvida erfaring med autismespekter (nevrodivergent)
- Kompetanse på Geriatri/somatikk
Me tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Mentor som følger deg opp de første 6 månedene
- Aktivt og dyktig tverrfaglig miljø
- Årsturnus
- Vernepleiarar i Alver kommune ligg 9000 over minstelønnsgarantien til KS. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
- Ein dynamisk og spennande arbeidshverdag med gode høve for å komme seg opp og frem i faget
- Høve for langvakter i helg eller veke som ei prøveordning
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kven er du?
Du er initiativrik, stødig og har eit brennande engasjement for arbeid med menneske med utviklingshemming. Våre bebuarar har behov for positive, omsorgsfulle, sporty, engasjerte og strukturerte folk rundt seg. Hos oss er det fokus på innhaldsrike dagar med individuelt tilpassa tenester, tilrettelagt kommunikasjon og aktivitetar der bebuarane er i sentrum. Vi ønskjer deg som likar å arbeide med våre bebuarar, og som er god til å motivere for eit liv med variasjon, meistring og utvikling.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Sektor
Offentlig
Nettsted