Avdelingleiar Ørstaheimen
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ørsta kommune er godt igong med å planlegge framtidas omsorgsbehov dei komande åra og jobbar etter heilskapleg innsatstrapp. Vi er stolte av å vere ei heiltidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året.
Vi håpar at du har lyst til å bidra saman med oss og resten av laget vårt. For å lukkast i vår kultur, er det viktig at du er pådrivar for heilskapleg innsatstrapp, årsplanlegging/årsturnus, oppgåvedeling, kvalitetsstandard m.m.
Frå den 1.1.2025 er det ledig stilling som avdelingsleiar i kommunalområde helse, omsorg og velferd, med f.t. Solkroken som tenestestad. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen. Solkroken er ei somatisk langtidsavdeling med 20 pasientrom som er delt på to grupper, med 22 pasientar tilsaman. Vi arbeider etter primærkontakt prinsippet og vi samarbeider med andre faggrupper.
Som avdelingsleiar vert du ein del av eit leiarteam ilag med tenesteleiar og totalt 7 avdelingsleiarar. Team-arbeid i fellesskap mellom avdelingane er avgjerande for å utvikle gode løysingar til ei meir berekraftig helseteneste.
Vi ser etter ein tydeleg og engasjert leiar som er pådrivar og legg til rette for erfaringsdeling og utviklingsarbeid ilag med andre dyktige leiarar og tilsette.
Helse omsorg og velferd i Ørsta kommune jobbar med fleire spennande omstilling- og utviklingsprosjekt og i den samanheng har vi politisk vedtak på å sjå på organiseringa av framtidas Ørstaheim. Den heldige som får jobben, må derfor innstille seg på at det kan bli endring i stillinga og i organisasjonen som følge av omstilling 2025.
Vi ser verkeleg fram til å få akkurat deg med på laget! Saman kan vi skape ein fantastisk arbeidsplass. Velkomen til oss!
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag og personaloppfølging i si avdeling. Oppgåvene er mellom anna:
- Leiing og administrasjon i samsvar med definert leiarnivå
- Oppfølging av tilsette
- Kvalitetutviklingarbeid og rapportering
- Planlegging og koordinering av dagleg drift, m.a. oppfølging årsturnusplanlegging.
Slagordet, visjonen og verdiane til Ørsta kommune gir retning og forpliktar til utøving av godt leiarskap i samsvar med vedteken arbeidsgjevarstrategi.
Som avdelingsleiar tek du ansvar både for eiga verksemd og for å bidra til heilskapen i tenesteområdet. Vi arbeider målretta for å skape ein heiltidskultur i organisasjonen og leiarane våre er ein viktige medspelarar i dette arbeidet. Vi vil ha leiarar som medverkar til at medarbeidarar opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunen nyttar leiaravtalar, tett-på-samtalar og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet. Du vil ta del i kommunalområdet sin leiarutviklingsprosess og i tenesteområdet sine leiarmøte.
Avdelingsleiarane i Ørsta kommune er pr. d.d. plassert på leiarnivå 3 i samsvar med intern oversikt over leiarnivå og organisasjonskartet vårt.
Kvalifikasjonar
Det vert søkt etter offentleg godkjent sjukepleiar- andre med relevant helsefagleg utdanning, kan også søkje. Vi søkjer deg som vil vere med på å utvikle faget og tenestene våre vidare, og som vektlegg relasjonskompetanse og medarbeidarskap. Det er ynskjeleg med leiarerfaring og tilleggsutdanning innan leiing og administrasjon. Søkjar utan tilleggsutdanning, men med relevant praksis kan likevel vere aktuell for tilsetjing, på vilkår om å forplikte seg til å ta slik utdanning innan 3 år.
Vi vil særleg leggje vekt på følgjande:
- Leiarerfaring
- Søkjar må vere off. godkjent sjukepleiar - andre med relevant helsefagleg utdanning, kan også søkje
- Kunnskap om, interesse for, og erfaring frå arbeid med menneske
- Kunnskap om gjeldande lovverk og forskrifter knytt til arbeidsområdet
- God evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- Kunnskap om turnusplanlegging. Fordel med erfaring frå turnusprogrammet ressurststyring (RS), men ikkje eit krav
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er tydeleg som leiar og du både støtter, utfordrar og stiller forventningar til dine medarbeidarar
- Du er opptatt av kommunikasjon og har evne til å inspirere og motivere dine medarbeidarar
- Du er sjølvstendig i ditt arbeid, har god arbeidskapasitet og evnen til å prioriterer mellom fleire oppgåver
- Du er ein synleg leiar med gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å utvikle fellesskap og gode team
- Du er strukturert, har god systemforståing, samt ferdigheiter innan data- og fagprogram
- Du kan inspirere til endringar som føre til forbetring av tenesten
- Du evner å sjå på tenesteområdet i eit heilheitleg perspektiv og er med å sette måla for tenesten ut i praksis
Vi tilbyr
- Ei lærerik, spanande og utfordrande stilling i eit utviklingsorientert miljø
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.3 Stillingskode 9454 Avdelingsleiar
Arbeidsvilkår: jf. HTA § 6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det kan bli nytta gruppeintervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.noArbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4880885261
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2788775
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c7e349c1f7c8426bb0d511be72cd6ee2