Gullsmed på Bømlo
Ynskjer du jobb i ein travel bedrift med nye utfordringar kvar dag? Har du fagbrev som gullsmed ? Me tilbyr ein spanande kvardag i ein stadig veksande gullsmed .Gullsmio er verkstad med butikk. Du må ha gode sosiale ferdigheter til kundebehandling og ei stø hand til gullsmedarbeid. Er du ny i faget vil du få den opplæringa som trengst. Kontakt oss gjerne.
Om bedriften
Me er ein bedrift i stadig vekst som er på jakt etter fleire gullsmedar. Me er no to gullsmedar med fagbrev i bedrifta. Det kjem stadig inn spesialarbeid og reparasjonar. Me driv og med bla.gravering og batteriskift på klokker. Stillinga inneber og eindel kundebehandlig og salg.