Saksbehandler arealsaker
Møre og Romsdal fylkeskommune
Samferdselsavdelinga
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Vi søker etter
ein utadvendt, initiativrik og samarbeidsorientert, sakshandsamar innan arealsaker til 100% fast stilling på plan og trafikkseksjonen ved fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune
Du får jobbe med
" Behandling av planar og andre saker etter plan og bygningslova
" Dispensasjon frå byggegrense og avkøyrselssaker etter veglova m.m.
" Tilgrensande oppgåver innan areal og planforvalting, som rettleiing innan kommunal og privat planlegging
" Behandle nabovarsel som vegeigar
" Behandle offentlege og private planar som påverkar vegtrafikk eller vegforvaltinga
Vi søker deg som har
" relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet
" lang erfaring med relevant fagområde kan kompensere for formell utdanning
" relevant erfaring frå offentleg forvalting
" kjennskap til relevant lovverk som veglov og plan og bygningslov
Du er ein person som
" er resultatorientert og effektiv
" er strukturert
" har evne til å handtere innspel og engasjement frå dei det gjeld/partar
" har evne til å uttrykke deg godt og presist både skriftleg og munnleg
" har samarbeidsevner og kunnskap om relevante IKTsystem
Vi tilbyr
" ei utfordrande og spanande stilling ved Campus Kristiansund
" i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Seksjonen plan og trafikk vil ha hovudansvaret for planlegging og forvaltning av fylkesvegnettet. I dette ligg blant anna arbeid med trafikksiktryggleik, handsaming av saker etter plan og byg-ningslova, trafikkteknikk, vegplanlegging og utarbeiding av reguleringsplanar, eigedom og grunnspørsmål, tilstandsregistrering, vegdata og geodataarbeid.
Denne stillinga vil ha kontorstad ved Campus Kristiansund.
"Campus Kristiansund skal bli ein felles campus for utdanning, forsking og innovasjon. Her samlar vi kompetanse frå næringsliv, offentleg sektor, høg- og fagskule og forskingsinstitusjonar i eit tverrfagleg og nyskapande miljø. Delar av miljøet er alt etablert i midlertidige lokale i Kristiansund sentrum, fram til første byggetrinn står klart i 2023. Meir informasjon finn du på www.campusksu.no.
Møre og Romsdal fylkeskommune er ein viktig aktør i Campus Kristiansund, og byggjer opp eit tverrfagleg kompetansemiljø med om lag 40 stillingar. Dette kompetansemiljøet er ein del av den samla fylkesadministrasjonen i Møre og Romsdal".
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
632139
- Sist endret
5. juni 2020
- Hentet fra
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Referanse
rekruttering.mrfylke.no/recruitment/opening?1?4418