Fast 100% fagstilling Indre Nordmøre Barneverntjeneste
Surnadal kommune Indre Nordmøre barneverntjeneste
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
- To team, eit i Sunndal og eit i Surnadal, som arbeider med avklaring av meldingar, undersøkingar og hjelpetiltak for barn som bur heime. Begge teama har eigen teamleiarar
- Eit team som arbeider med tilsyn, hjelpe- og omsorgstiltak for barn som bur utanfor heimen
- Saksbehandling etter lov om barnevern
- Systematisk arbeid for å sikre framdrift i dei sakene ein har hovudansvar for, også i nært samarbeid med andre
- Utstrakt kontakt med barn og foreldre/foresatte, der medverknad blir vektlagt
- Fokus på veiledning og endringsarbeid i samarbeid med familien og nettverket
- Forberede, gjennomføre og følge opp saker i fylkesnemd og andre rettsinstansar
- Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom
- Anna barchelorgrad kan bli vurdert om ein har vidareutdanning eller master som er relevant for arbeidet i barnevernet.
- Ønske om barnevernfagleg arbeidserfaring
- Du må ha førarkort kl B og disponere eigen bil, men vi har også tenestebilar tilgjengeleg
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje skal vere eldre enn 3 månader
Det vil frå 1.januar 2031 blir stilt krav om barnevernfagleg mastergrad eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå.
Kompetansekravet er også oppfylt av personell som har relevant bachelorutdanning og som innan 1.januar 2031, kan dokumentere minst 4 års arbeidserfaring frå barnevernet og som har gjennomført ei barnevernfagleg eller anna relevant vidareutdanning med minst 30 stp.
Surnadal kommune vil vere med og legge til rette for at kompetansekravet som kjem i 2031 kan realiserast.
Personlege eigenskapar og fortrinn vi ønsker at du har:- Kan arbeide sjølvstendig og strukturert og er handlekraftig
- Er god på kommunikasjon og greier å få til samarbeid
- Greier å stå i pressa situasjonar over tid og er i stand til å handtere følelsesmessige påkjenningar
- Framstår trygg og sikker i barnevernfaglege vurderingar
- Er venleg og imøtekomande, men samtidig tydeleg
- Tenkjer heilheitleg og har stor arbeidskapasitet
- har god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk
Ved tilsetting blir det gjort ei samla vurdering av krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til samtale.
Vi kan tilby:
Faglege utfordringar og gode mulegheiter for personleg utvikling i eit godt fagmiljø.
Vi legg til rette for ordningar som gjer det mogleg å fylle kompetansekrav som blir gjeldande frå 01.01.2031.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, kommnale tilsettingsvilkår og lønn med utgangspunkt i tariff.
Vi kan innvilge flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2567952
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3305839_185517_nn