Miljøterapeut
Psykisk helse og rus
Bøtun 3, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, deltid 65%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Ønskjer du å utgjere ein forskjell og bli vår nye kollega? Me ser etter deg som er oppteken av å byggje gode relasjonar, og som har arbeidsglede og interesse for fagfeltet.
Me har ledig 65 % fast stilling som miljøterapeut i Psykisk helse og rus, avd. miljøtenesta. Stillinga er todelt turnus med arbeid 3. kvar helg.
Miljøtenesta tilbyr praktisk og personleg vegleiing og hjelp til heimebuande i heile kommunen, med fokus på å bidra til auka meistring i eige liv. Me ser fram til å høyre frå deg som ønskjer å bli ein del av vårt omsorgsteam!
Oppstart etter avtale.
For meir informasjon om verksemda vår, Psykisk helse og rus klikk her.
Arbeidsoppgåver
- Gje individuelle tenester i tråd med tenestemottakar sine behov og vedtak.
- Miljøarbeid.
- Praktisk bistand med opplæring.
- Samarbeid med pårørande.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Tilrettelegging for kvardagsmeistring.
- Tiltak, evaluering og dokumentering.
- Legemiddelhandtering.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Du er utdanna sjukepleiar eller vernepleiar. Relevant vidareutdanning er ønskjeleg.
- Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med personar med psykisk sjukdom og/eller avhengighetsproblem, men dette er ikkje eit krav.
- Du behersker norsk munnleg og skriftleg.
- Du har førarkort klasse B.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter Helse- og omsorgslova § 5.4.
Ved vurdering av den best kvalifiserte legg me vekt på erfaring, kompetanse og personelege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du har god relasjonskompetanse.
- Du kan samarbeide tett med andre, liker å jobbe i team, men óg sjølvstendig.
- Du strukturert og innehar gode kommunikasjonsevner.
- Du er positiv og ynskjer å bidra til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
Ved tilsetting vert personlege eigenskapar tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og ser at den samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Bente Martens på telefon 479 77 804 eller verksemdsleiar Synnøve Sørvik på telefon 986 62 884.
Kontaktinformasjon
Bente Martens, Avdelingsleiar, 479 77 804, bente.martens@bomlo.kommune.noSynnøve Sørvik, Verksemdsleiar, 986 62 884, synnove.sorvik@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Bøtun 35430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4917874838
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2856971
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e010351394284d16b155f88453c56830