Vil du jobbe med i eit inkluderande læringsfellesskap? Søk jobb hjå oss!
Vindafjord kommune Ølen skule
Litlehagen 15, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 19. november
Lærar Ølen skule grunna svangerskapspermisjonar.
Inntil 100% vikariat og 25 % fast. Tiltreding snarast. Vikariatet går ut 31.12.2025 med mogleg forlenga til fast stilling.
Hovudarbeidsoppgåver:Arbeidet er knytt til oppfølging/undervisning av elevar på ungdomstrinnet.
Kvalifikasjonar:- Godkjent lærarutdanning
- Personar med relevant kompetanse/erfaring kan søke på stillinga (stillinga blir då mellombels)
- Utdanning innan norsk, spesialpedagogikk, engelsk og KRLE er ønska
- Det blir krevd politiattest ved alle tilsetjingar
- Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn
- Mogleg kontaktlæraransvar
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
- Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
- Må lika å vere i samtale med barn og kunna møta barn i ulike situasjonar som oppstår
- Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer.
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- Opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:- Ølen skule er 1- 10 skule med 330 elevar
- Velkomstklasse for heile Vindafjordskulen er på Ølen skule
- Ligg sentralt til i Ølen
- Me har eit aktivt og engasjert personale.
- Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2759957
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3411097_228561_nn