Helsefagarbeidar/ assistent, natt
Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune
Leirdalen 25, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/assistent 65% natt
Type ansettelse
Vikariat, deltid 65%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Bømlo bu og helsesenter har ledig vikariat på natt i 65 % stilling som helsefagarbeidar/assistent i 1år med mulighet for forlenging.
Ved institusjonen er det 3 avdelingar, to langtids- og ein korttid- og rehabiliteringsavdeling (KOR). På natt er det 1 sjukepleiar på KOR, og 1 sjukepleiar / 3 helsefagarbeidarar ved dei to langtidsavdelingane. Vikariatstillinga vil tilhøyre Post 2 Sør som utgjer den eine langtidsavdelinga.
Målet vårt er å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3.helg.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver innanfor eige kompetanseområde.
- Dokumentere i henhold til lov og forskrift.
- Opplæring og veiledning av nytilsette.
- Vere med å utvikle et godt arbeidsmiljø i samarbeid med anna personal i avdelinga.
Kvalifikasjonar
Autorisert helsefagarbeidar eller assistent med erfaring.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Kan arbeide sjølvstendig og tek ansvar.
- Er positiv, løysingsorientert, engasjert og fleksibel.
- Har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner.
- Har evne til og er positiv til omstilling.
- Personlige eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver saman med eit team med høg fagleg kompetanse og lang erfaring.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Chatrin Pedersen Risøy.
Kontaktinformasjon
Chatrin Pedersen Risøy, Avdelingsleiar, +47 474 52 732
Arbeidsstad
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 4888809356
Stillingsprosent: 65%
Vikar
Søknadsfrist: 19.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Chatrin Pedersen Risøy
Avdelingsleiar
+47 474 52 732
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2806760
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d600a2fe46f44a0786e0608819e3d881