Avdelingsleiar Øystese skule
Øystese skule, Kvam herad
Ingebrigt Vik-vegen 28, 5610 Øystese
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Øystese skule
Oppstart
1. desember 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
ER DU VÅR NYE ENGASJERTE AVDELINGSLEIAR?
Øystese skule er ein barneskule for 1.-7. trinn, sentralt plassert i vakre Øystese sentrum med Hardangerfjorden som næraste nabo. Skuleåret 2024/2025 har skulen 250 elevar, rektor, to avdelingsleiarar, sekretær, 28 lærarar, sju fagarbeidarar, to miljørettleiarar og to lærlingar. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar, gode relasjonar og inkluderande klasseleiing er viktig i Kvammaskulen.
Alle skulane i Kvam har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp. Skulen har eit aktivt og engasjert elevråd og foreldregruppe som støttar opp om eit trygt og godt skulemiljø.
Utviklingsområde skulen har fokus på: Implementering av ny læreplan, BTI (Betre tverrfagleg innsats),VFL (vurdering for læring) ,LP (læringsmiljø og pedagogisk analyse) og Udir si oppfølgingsordning med trygt og godt skulemiljø, ordinær og inkluderande undervisning og leiarstøtte som fokusområde.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du:
- ha oppgåver som inneber fag- og personalansvar i skulen sitt leiarteam
- vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane
- leia, motivera og utvikla eit profesjonelt læringsfellesskap som støttar og utfordrar
- bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20
- leggja til rette for at lærar/fagarbeidarar vert tildelt oppgåver ut frå kompetanse slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
- prioritera mellom mange arbeidsoppgåver og møta det uforutsette med ro, tryggleik og godt humør
- støtta rektor i å driva skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak og lovverk
- involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- godkjent pedagogisk utdanning for barneskule jf. forskrift til opplæringslova § 12-2, 12-3, 12-4
- digital kompetanse og interesse for digital utvikling av skulen
- erfaring frå undervisning på 1.-7 trinn er ei føremon
- skuleleiarerfaring og/eller nasjonal skuleleiarutdanning er ei føremon
- annan relevant høgskulebakgrunn og/ eller leiarutdanning vil verta vurdert om det ikkje er aktuelle søkjarar som stettar krava om pedagogisk utdanning i jmf. forskrift opplæringslova §12-2, 12-3, 12-4
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar som:
- gode relasjons- og samarbeidsevner
- at du er trygg, tydeleg, strukturert og systematisk
- at du har evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
- gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
- engasjement og fleksibilitet
- at du evnar å arbeida systemretta, sjå heilskapen og utvikla Kvammaskulen i tråd med lovverk, læreplanar og politiske føringar
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og teamkultur
- leiarsamlingar med alle 80 leiararane i kommunen
- systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
- spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Siri Kaale, Avdelingsleiar Øystese skule, +47 954 76 664Arbeidsstad
Ingebrigt Vik-vegen 285610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4873257275
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2024
Sluttdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 03.11.2024
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2771188
- Hentet fra
talentech
- Referanse
788d7e59601f43398745019bc28bf614