ID 965 Landbruksrådgjevar, 100% fast stilling
FITJAR KOMMUNE
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Landbruksrådgiver
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 28. november
Fitjar kommune søkjer etter landbruksrådgjevar
På den nyoppretta eininga Forvaltning innan Samfunnsutvikling og drift er det no ledig ei rådgjevarstilling. Eininga har seks tilsette, og har ansvaret for sakshandsaming hovudsakeleg innanfor fagfelta plan, byggjesak, kart og oppmåling, natur og miljø, forureining og landbruk. Me sel også tenester til Austevoll kommune innanfor landbruk og miljø.
Den ledige rådgjevarstillinga vil vera knytt til landbrukssaker.
Fast kontorstad for stillinga er Fitjar rådhus. Stillinga krev litt reising i Fitjar og Austevoll i samband med synfaringar og møte. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Arbeidsoppgåver:-
Handsaming av saker etter jordlova og konsesjonslova
-
Handsaming av søknadar om tilskotsordningar i landbruket, m.a. produksjonstilskot
-
Handsaming av søknadar om nydyrking og bakkeplanering
-
Markslagsvurderingar og føring av landbrukskartbasen AR5
-
Høyringsuttaler, spesielt knytt til byggje- og plansaker
-
Handsaming av miljø- og forureiningssaker og utsleppssøknadar
-
Rettleiing og kontakt med publikum og næringa
Fitjar kommune er ein liten organisasjon, og den som vert tilsett må rekna med å ta del i saker knytt til tilgrensande fagfelt. Me forsøker å fordela arbeidsoppgåvene mellom dei tilsette etter interesse og kvalifikasjonar.
Kvalifikasjonar for stillinga:-
Relevant høgare utdanning, t.d. landbruksfag, natur- og miljøfag, jus eller liknande
-
Kjennskap til aktuelt regelverk for landbruks- og miljøforvaltning er ein føremon
-
Manglande utdanning kan i særskilte tilfelle kompenserast med relevant arbeidserfaring
-
Erfaring med digitale kartverktøy er ein føremon
-
Kjennskap til offentleg forvaltning er ein føremon
-
Vilje og evne til å læra seg dei delane av faget du ikkje har kjennskap til frå før
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
-
Førarkort i klasse B og eigen bil
-
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verta vektlagde.
-
Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde.
-
Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar.
-
God offentleg pensjonsordning i KLP
-
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt det spesifiserast i søknaden og grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med etatssjef for Samfunnsutvikling og drift, Louise Pettersen, tlf. 415 77 063.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Meir informasjon om Stord/Fitjar turlag finn du her
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2786251
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
23308f2a-a6a3-4c53-a43a-dcc278110f4c