Service Coordinators
Ulstein Power & Control AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Service Coordinator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Likar du å arbeide med avanserte tekniske løysingar for framtidas grøne fartøy?
Ulsteins engasjement for innovasjon, pålitelegheit og fornøgde kundar gjer oss til ein partnar å stole på i den maritime industrien. Våre integrerte løysingar gjer det mogleg for skipseigarar å oppnå nye nivå av effektivitet, redusere kostnader og ta betydelege steg mot ei meir berekraftig framtid.
Ulstein Power & Control, er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, som leverer avanserte og optimaliserte kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.
I rolla som Service Coordinator vert du ein del av eit kunnskapsrikt og innovativt miljø. Service-teamet har ein sentral funksjon i selskapet og leverer tenester til nybygg, retrofit og ettermarknad. Du vil få ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag, i tett samarbeid med dyktige kollegaer, kundaer og leverandørerleverandørar. Serviceavdelinga følger opp levert portefølje knytt til kraftsystem, automasjonssystem og kommunikasjonssystem(UCOM).
Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik, og avdelingskontor ved Moa i Ålesund.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Kundekontakt, relasjonsbygging og salsfremjande aktivitetar
- Prosjektgjennomføring/ sakshandsaming i D365, CRM og ERP
- Medansvarleg for utvikling av interne løysingar
- Utvikling av UCOM-systemet(PABX,PA,CCTV,IPTV,LAN)
- Noko reiseaktivitet kan påreknast
Kvalifikasjonar
- Teknisk utdanning eller erfaring
- Erfaring med UCOM-system (PABX,PA,CCTV,IPTV,LAN) er ønskeleg
- Erfaring med digitalisering og datainnsamling
- Kjennskap til CRM og ERP-system
- Bakgrunn frå Engineering eller sal/ettermarknadsarbeid
Personlege eigenskapar
- Engasjert og kreativ
- Strukturert
- God evne til å kommunisere og bygge relasjonar
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige vilkår
- Fleksitidsordning
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Per Einar Moldskred, Service Manager, +47 977 92 121Malin Ulla Berg, HR & QA Advisor, 91100410
Arbeidssted
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Ulstein Power & Control ASReferansenr.: 4822524469
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Per Einar Moldskred
Service Manager
+47 977 92 121
Malin Ulla Berg
HR & QA Advisor
91100410
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2666714
- Sist endret
11. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
181f0cf2dd484a6196fe14ea822855af