Barnehagelærar og pedagogisk leiar
Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar og pedagogisk leiar for barnehagar i Stryn kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. mars
Stryn kommune har i alt 7 barnehagar fordelt i kommunen vår. Av desse er 3 i kombinasjon med skule og SFO og 4 sjølvstendige barnehagar.
Det kan bli ledige stillingar for barnehagelærar ved barnehagar I Stryn, både i heil- og deltidsstillingar, fast og vikariat. Behov for tilsetting vil bli klart etter barnehageopptaket er gjennomført. Utlysinga er ei fellesutlysing for tilsetting for barnehageåret 2025/26 med oppstart 1. august 2025.
Vi ser etter deg som har lyst til å delta i utviklinga av barnehagane i kommunen vår, som barnehagelærar og/eller pedagogisk leiar. Er du ein person med engasjement, god relasjonskompetanse, er omsorgsfull og likar å jobbe med born saman med gode kollegaer, oppfordrar vi deg til å søke.
Arbeidsoppgåver
Arbeid og ansvar for pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen
Bidra til eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
Legge til rette og delta i leik og læring
Delta aktivt i samarbeid med kollegaer og føresette
Kvalifikasjonar
Krav om fullført utdanning som barnehagelærar
God norskkunnskap både munnleg og skriftleg
Relevant praksis vert veklagt
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner samt evne til sjølvstendig arbeid
Trygg omsorgsperson og god rollemodell
Personlege føresetnader vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Variert og spennande arbeid i eit positivt miljø
Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
Løn etter tariff
Gode pensjonsvilkår i KLP
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato
Kontaktinformasjon
Eva Sefland, Kommunalsjef oppvekst , 91129033Anne-Siv Jevnehagen, HR-avdeling, 57874734
Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4911054889
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Anne-Siv Jevnehagen
HR-avdeling
57874734
Eva Sefland
Kommunalsjef oppvekst
91129033
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2847313
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c1c3685049d6410f9e569c143c7e9703