Vitskapleg assistent (30%) til prosjektet Gender, Technology, Participation ved Griegakademiet
Universitetet i Bergen
Lars Hillesgt. 3,, 5015 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Vitskapleg assistent (30%) til prosjektet Gender, Technology, Participation ved Griegakademiet
Type ansettelse
Åremål, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitenskapeleg assistent
Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, er det ein ledig 30 % åremålsstilling som vitskapleg assistent knytt til prosjektet Gender, Technology, Participation. Stillinga er for ein periode på 12 månader frå 1. desember 2024 til 30. november 2025. Me søkjer ein vitskapleg assistent med bakgrunn innan musikk eller kjønnsstudiar, som ønskjer å vere ein del av forskingsmiljøet ved Griegakademiet.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å støtte fagleg tilsette i dette forskingsprosjektet. Stillinga gir moglegheit for innblikk i internasjonal forsking og forskarutdanning innan det tverrfaglege feltet musikk. Den samla tilsetjingsperioden som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Om prosjektet: Gender Technology Participation er eit forskingsprosjekt som tek for seg kjønnsubalanse innan musikkteknologidesign, musikkproduksjon og distribusjon i samarbeid med Senter for kvinne- og kjønnsforskning, UiB. Prosjektet er eitt av fem prosjekt som har fått støtte frå UiBs Humaniorastrategi. Pilotprosjektet skal etablera eit internasjonalt og tverrfagleg nettverk for forsking og forskarbasert utdanning som undersøkjer kjønnsubalansen innanfor musikkteknologi.
Arbeidsoppgåver:
Oppgåvene dine vil hovudsakleg vera:- Støtte utviklinga av internasjonale forskingsverkstader og kurs.
- Støtta arbeidet til prosjektleiarane
- Bidra til formidling av prosjektarbeid og forskingsresultat
- Støtta utviklinga av forskingsmateriell
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha
- fullført bachelorgrad i eit relevant fagområde innan musikkstudiar eller kjønnsstudiar, eller minimum 3 år av integrert mastergrad i eit relevant fagområde.
- Kunnskap, interesse og praksis innan musikk, kjønn og/eller inkludering og mangfald, samt teknologi.
- Gode kunnskapar i engelsk og norsk, både skriftleg og munnleg.
- Det er ønskjeleg at søkjar har:
- Erfaring med vedlikehald av nettsider.
- Kunnskap om databaseadministrasjon.
- Kompetanse innan sosiale medium (t.d. bruk av Facebook, Instagram).
- Personlege eigenskapar:
- Vi ser etter deg som samarbeider godt, er fleksibel, løysingsorientert og bidrar til framdrifta av prosjekt. Du er også i stand til å arbeide godt både sjølvstendig og i team, er strukturert og resultatorientert, samt utåtvend med gode kommunikasjons- og presentasjonsevner.
Vi tilbyr:
- Moglegheiter for fagleg innblikk i forsking og forskarutdanning.
- Høve til å utvikla digitale ferdigheiter.
- Høve til å jobba med forskingsmiljøet innan musikk, teknologi og kjønnsvitskap på nasjonalt og internasjonalt nivå.
- Lønn som vitskapleg assistent (kode 1019) med årsløn 428 100 – 448 900 brutto i 100% stilling i Statens lønsregulativ, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev
- CV
- Vitnemål/utskrift som dokumenterer fullført bachelorgrad eller fullført 3 år av integrert mastergrad.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:
Instituttleiar ved Griegakademiet, Randi Rolvsjord, tlf. +47 97514878, e-post randi.rolvsjord@uib.no
Professor Jill Halstead, tlf. +47 40495958, e-post: jill.halstead@uib.no
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig