Lærarvikariat
Lærar, vikariat i 60% stilling ved Lesja skule frå snarast til 31.07.21. Søknadsfrist: 19. september. Lesja skule er ein fulldelt barne- og ungdomsskule med om lag 170 elevar pr i dag.
Skulen har tidsmessige lokale. Bibliotek er samlokalisert med skulen.
Ved skulen er det kulturhus, samt svømmehall.
Skulen arbeider med kvalitet i lærlingmiljøet som utviklingsområde.
Det er ledig vikariat i 60% stilling som lærar innan musikk, både på barne- og ungdomstrinnet.
Kompetansekrav: Faglærarutdanning eller årsstudium i musikk.
Nærare info:
Rektor Jan Olav Thorsplass, tlf 948 60 347, eller undervisningsinsp Ingunn Korsen, tlf 948 65 183
Lønn (før årets tariffoppgjør):
Rekna ut frå årslønn (100% st): kr 410.000-576.900, avhengig av utdanning og ansiennitet.
Søknad sender du til: Lesja kommune, innan 19.09.2020
Ver vennleg å sende søknad elektronisk via knappen over. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.
Den som blir tilsett, skal levere politiattest (barneomsorgsattest) før oppstart i stillinga, jf Opplæringslova § 10-9, 1. og 2. ledd, jf Politiregisterlova § 39, 1.ledd.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jfr Of
fl §25). Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Evt søknadspapir blir ikkje returnert.
Saksnr: 2020/766ID: 537Dato: 09.09.2020