Driftsoperatør bygg 100% fast
Kvinnherad kommune Bygg og eigedom
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Stillingstittel
Driftsoperatør bygg 100% fast
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. september
Driftsoperatør bygg 100%
Er du klar for ein spennande og variert kvardag?
Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og dyktig driftsoperatør til å bli ein del av vårt team! Vi tilbyr ei fast 100% stilling der du vil få moglegheita til å jobbe med dagleg drift og vedlikehald av kommunens bygg og eigedomar.
Kva kan du forvente?
- Varierte arbeidsoppgåver: Du vil få spennande og praktiske oppgåver innan ulike fagfelt, fokus på energisparande tiltak og drift av SD-anlegg
- Samarbeid og sjølvstende: Arbeidsoppgåvene løysast både sjølvstendig og i samarbeid med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø.
- Utvikling: Vi verdset dine kvalifikasjonar og erfaring, og gir deg moglegheita til å utvikle deg vidare i jobben.
Kven er du?
- Du har fagbrev innan byggdrift eller er i eit utdanningsløp for dette. Fagbrev innan andre relevante tekniske fag vert også vurdert.
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og kan arbeide sjølvstendig, systematisk og ansvarsbevisst.
- Du har gode datakunnskapar og meistrar norsk skriftleg og munnleg.
- Du har førarkort for bil.
Relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tillegg til fagkompetanse
Kva tilbyr vi?
- Konkurransedyktige vilkår i samsvar med kommunale avtalar.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidsforhold i eit positivt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2732361
- Sist endret
2. september 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3397409_226075_nn