Pedagogisk leiar Kløve barnehage, vikariat
Det er ledig 100 % vikariat som pedagogisk leiar ved Kløve barnehage frå 1.8.2019 - 31.12.2019, med mogeleg forlenging. Det vert lyst med atterhald.
Om arbeidsstaden
Kløve barnehage ligg i naturflotte omgjevnadar. Barnehagen har store, gode rom og eigen gymsal. Pr i dag er det 29
barn fordelt på to grupper. Det er flotte uteområder, både i barnehagen og i nærmiljøet.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for det pedagogiske arbeidet, leiing av personale og den daglege drifta på avdelinga i samarbeid med ein
annan pedagog.
Me søkjer
Fagleg kompetanse: barnehagelærar
Me ynskjer søkjarar som :
- er målretta og løysingsorienterte
- set barna i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, i høve foreldre og personalgruppa
- kan ta ansvar og delegera arbeidsoppgåver
- er fagleg oppdatert, kreativ, påliteleg og engasjert
- likar å vera ute
Menn vert oppmoda om å søkja
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.