Helsefagarbeidar - natt
Sveio omsorgssenter er eit moderne bygg opna i 2010 med flott utsikt over Sveio sentrum. Omsorgssenteret ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot nye tilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivst og føler deg trygg i avdelingane. Sveio omsorgssenter har 3 avdelingar med til saman 42 plassar. Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med mange flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Me har ledig 50 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt.
Arbeidsoppgåver
Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling til gruppa med gir tenester til. Mange spennande faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Me nyttar CosDoc som elektronisk journalsystem. Me er kobla opp mot Helsenett og elektronisk kommunikasjon med fastleger og spesialisthelsetenesta. Me bruker multidosesystemKvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Personlege eigenskapar
- Godkjent politiattest
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Initiativrik
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus
- .Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar (framtidige kollegaer).
Vi tilbyr
- Etisk refleksjon i grupper
- Årsturnus
- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Faste sosiale arrangement
- God offentleg pensjonsordning
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Camilla Selbak, Einingsleiar Sveio omsorgsenter, 951 54 037Arbeidsstad
Sveiogata 705550 SVEIO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommuneReferansenr.:4609570310
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2023
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.