Reinhaldar
Vil du bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø i Stad kommune? Vi søkjer etter reinhaldarar!
Stad kommune har for tida ledig 3x 50%-stillingar innan reinhald med tilsetjing frå så snart som mogleg. Stillingane har arbeidstad i indre del av Stad kommune. I tilfelle intern tilsetjing kan det også bli ledge vikariat.
Reinhaldstenesta i Stad kommune er organisert i eining for eigedom saman med vaktmestertenesta. Reinhaldstenesta er svært viktig i ein kommune med aktivitet i mange kommunale bygg og med ansvar for tenesteyting i private heimar. Reinhald er ei samfunnskritisk oppgåve som kan sikre tryggleik og gode arbeidsforhold for tilsette, elevar, barnehageborn og andre som nyttar kommunale tenester dagleg. Vi søkjer no etter mange nye tilsette og vil gjerne ha deg som vil bidra til å gjere Stad kommune til ei endå betre kommune!
Som reinhaldar i Stad kommune vil du få varierte arbeidsoppgåver innan reinhald av kommunale bygg og i private heimar. Reinhaldstenesta arbeider etter arbeidsplan med rullering, noko som betyr at du ikkje vil arbeide på same staden kvar dag, men på mange ulike stader i løpet av året.
Arbeidsoppgåver
- Utføre ordinært reinhald i kommunale bygg og i private heimar
- Utføre periodisk reinhald etter plan
- Nytte tilpassa maskiner og utstyr
- Sørge for trygge og reine omgjevnader for tilsette og andre
- Bidra til å utvikle reinhaldstenesta
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldsoperatør/reinhaldsfaget, men andre kan også søkje
- Meistrar norsk både skriftleg og munnleg
- Må ha førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Kan arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre
- Er allsidig, fleksibel, serviceinnstilt og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Er grundig og effektiv
- Kan bruke digitale verktøy i arbeidet
Vi tilbyr
- Rotasjonsordning, slik at du arbeider på fleire stader etter plan
- Varierte arbeidsoppgåver
- Vi legg til rette for kurs og opplæring
- Løn etter kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Vi kan tilby flyttegodtgjersle om du vil flytte til kommunen vår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillingane!
Kontaktinformasjon
Erna Starheim, Reinhaldsleiar, 90209160, erna.starheim@stad.kommune.noTore Nyhammer-Taklo, Einingsleiar eigedom, 90 19 48 37
Arbeidsstad
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stad kommuneReferansenr.:4526047072
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 19.06.2022
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!