Lærarar
Brattvåg barneskule, Ålesund kommune
Skulesvingen 4, 6270 Brattvåg
Om jobben
Stillingstittel
Lærarar
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
4
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag på 1.-7. trinn.
- Den som søkjer må rekne med å ta på seg kontaktlæraransvar.
- Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingsarbeid i trinnsamarbeid og kollegiet generelt.
- Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet for sine grupper og elevar saman med kollegaer.
- Klasseleiing, heim/skule-samarbeid og eksternt samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning 1.-7. er ønskeleg, alternativt grunnskulelærarutdanning 5.-10 eller lektorutdanning.
- Fagkompetanse i norsk, matematikk, språk og kunst og handtverk, mat og helse.
- Det er ønskeleg med utdanning i og/eller erfaring frå særskilt norsk og spesialundervisning.
- Det er også ønskjeleg med IKT-kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Du er ein engasjert og bidragsytande lærar som likar å jobbe i team, som er strukturert, pliktoppfyllande og fagleg kompetent.
- Du er initiativrik og sjølvstendig i ditt arbeid.
- Du er ein tydeleg klasseleiar og god på relasjonsbygging.
- Søkjar som er personleg eigna blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
- Systematisk kollektivt utviklingsarbeid .
- Ein skule som kan nytte fjord og fjell i nærområdet som alternative læringsarenaer.
- Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhold og engasjement.
- Tarifflønn og pensjonsordning gjennom SPK.
Kontaktinformasjon
Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.N.Krogsaeter@alesund.kommune.noArbeidsstad
Skulesvingen 46270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4663915290
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2023
Sluttdato: 31.07.2024
Søknadsfrist: 04.06.2023
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2343637
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9fe6f22ddc214a66837d94b97084b7c2