Rådgiver/kvalitetsmedarbeider
Psykiatrisk klinikk / Regional avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Rådgiver/Kvalitetsmedarbeider
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Regional avdeling spiseforstyrringar er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssykehus. Avdelinga er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområde. Øvrige avdelingar i Psykiatrisk klinikk er Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling og Avdeling psykosomatisk medisin.
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) skal vere leiande i fagfeltet.
Som ei av fire regionale einingar for spiseforstyrringar i Noreg, behandlar vi pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt ein spesialistpoliklinikk. I tillegg har vi eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe saman med Psykisk helsevern for barn og unge.
Som rådgiver/kvalitetsmedarbeider ved RAS vil du saman med merkantil ha ansvar for å samle inn data til lokale og nasjonale register. I samarbeid med avdelingssjef og avdelingsoverlege vil du ha ansvar for å utføre kvalitetskontroll for å undersøke om behandlinga ved RAS er av god kvalitet og i samsvar med gjeldande retningslinje. Dette som eit ledd i vår internkontroll.
Vikariatet er ledig frå 01. mars til 31. desember 2025
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å samle inn data til til lokale og nasjonalt register
- Registrere data i tråd med prosjektplan for internkontrollved RAS
- Administrere og analysere data i SPSS
- Presentere resultat som ledd i vår internkontroll
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan helse- og kvalitetsarbeid
- Erfaring med databehandling og statistikkprogram som SPSS
- Analytiske ferdigheter og evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og med eit auge for detaljar
- Du har god evne til samarbeid
- Du er strukturert og beslutningsdyktig
- Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt miljø
Vi tilbyr
- Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
- Høgt fagleg nivå på behandling av alvorlege spiseforstyrringar
- Opplæring og rettleiing
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Svetlana Raknes, Avdelingsoverlege, 55976838, svetlana.raknes@helse-bergen.noSigne Haugen, Avdelingssjef, +47 55976822, signe.haugen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4915175015
Stillingsprosent: 40%
Engasjement
Startdato: 03.03.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2861798
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f9606af715e44bbe9df6141646d71d88