Fagarbeidar i barn og ungdomsarbeiderfaget
Rørstadmarka skule, Sula kommune
6035 Fiskarstrand
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar i barn og ungdomsarbeiderfaget
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Rørstadmarka skule/SFO vart opna hausten 2022 og ligg flott plassert på midtre del av Sula kommune. Skulebygget og uteområdet vårt byr på gode lære- og leiketilhøve og med nærleik til vatn, skog og fjell, har vi høve til å legge opp til varierte arbeidsformer, både i skule og SFO.
Skulen vår har vel 220 elevar og 40 tilsette. I SFO har vi vel 90 barn og 11 tilsette. Vi har eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med god alders- og kjønnsfordeling. Vi arbeider etter visjonen vår "Ved Rørstadmarka skule har vi rom for alle og auge for den enkelte, vi arbeider saman om trivsel, meistring og læring". Ved å nytte fleksibiliteten vi har i skule- og uterom legg vi opp til at slagordet vårt; "leik og læring dag for dag", får leve i praksis.
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har eigne læringsbrett som digitalt verktøy. I lag med fysiske bøker gir dette oss godt høve til variasjon i arbeidsmåtar.
Arbeidsoppgåver
* støtte og følge opp elevar i klasser/grupper
* støtte og følge opp einskildelevar
* forplikte deg på samarbeid på team og med ulike faginstansar i og utanfor skulen.
* arbeide for godt samarbeid mellom heim og skule/SFO
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som er fagarbeidar i barne-og ungdomsarbeiderfaget og som har kompetanse og/eller erfaring med nevroutviklingsforstyrringar som autisme og ADHD. Vidare søkjer vi deg som har kunnskap og erfaring knytt til ASK og Podd/ TDSnap.Du må ha digital kompetanse då vi i skule og SFO nyttar iPad til kommunikasjon og arbeid.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
* er ein tydeleg vaksen som er engasjert og aktiv til stades i samspelet med barn, foreldre og andre tilsette
* er trygg og med gode evner til kommunikasjon
* har gode samarbeidsevner, som er fleksibel og løysingsorientert
* har vilje til endring og til å møte utfordringar
* er villig til å ta i mot rettleiing
* beheld roa i utfordrande situasjonar
* er raus, fleksibel og har godt humør
Vi tilbyr
Eit stabilt og støttande personale med god aldersblanding
Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
Eit godt miljø å byggje erfaringar i
Ein hektisk og variert kvardag
Vel 40 fantastiske og positive tilsette
Vel 200 glitrande elevar
Løn og tilsetjingsvilkår i samarbeid med lov, føreskrifter og regulativ
Kontaktinformasjon
Janne-Lise Dragsund Lundbø, Rektor, +4795710200, janne-lise.d.lundbo@sula.kommune.noRenate Myklebust, 95710202, renate.myklebust@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4786430790
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 07.04.2024
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2596452
- Sist endret
8. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a78725228df24f4b9a86ae13e2caadf9