Skanner operatør
Ulstein Verft AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Skanner operatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Verft, som er ein del av skipsbyggingsområdet i Ulstein Group, er inne i ei spanande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet og vi har difor behov for å auke bemanninga vår knytt til kontroll og kvalitet med operatør til vår Leica RTC360 3D-scanner.
Vi er på jakt etter deg med personleg driv til å planlegge og gjennomføre skanning og dimensjonskontroll både på våre nybygg under bygging i Ulsteinvik, ved våre samarbeidsverft i Europa, hos underleverandørar og ved vurdering og planlegging av ettermarknadsoppdrag. Noko reiseverksemd på påreknast i stillinga. Opplæring i relevant programvare vert gitt.
Søkjarar vil verte vurdert fortløpande.
Oppgåver du vil jobbe med
- Skanning og etterbehandling av data/punktskyer for dimensjonskontroll ved eige anlegg samt ved skrogverft i Europa
- Skanning og etterbehandling av punktskyer i samband med vurdering av ettermarknadsoppdrag
- Utvikle og levere rapportar etter skanning for dimensjonskontroll
Kvalifikasjonar, kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare
Har du kvalifikasjonane vi ser etter vil vi gjerne kome i kontakt med deg
- Fagleg kompetanse innan stålkonstruksjonar og gjerne dimensjonskontroll
- Erfaring med programvare Leica 3DR og Cyclone register 360, evt anna 3D-software vil vere ein fordel
- God tverrfagleg teknisk forståing
- Erfaring frå skipsbygging og maritim næring vil verte tillagt vekt
- Gode engelskkunnskapar
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein Verft byr på ein variert jobb, gode kollegaer og moglegheiter for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar.Vi tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Konkurransedyktig løn
Kontaktinformasjon
Ole Osnes Gjerde, Hull Manager, +47 99 59 71 75Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 4793781604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2024
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2626729
- Sist endret
1. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
786dad7ef3234e019b45147bcb90c14c