Sjukepleiar - Valldal
Helse, omsorg og velferd, PLO Valldal
Olavsgata 34, 6210 Valldal
Om jobben
Stillingstittel
Fast stilling som sjukepleiar på natt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Pleie- og omsorgstenesta i Valldal har ledig fast stilling som sjukepleiar på natt
Sjukeheimen er sentralt plassert i Valldal og er samlokalisert med heimetenesta i Valldal. Kommunen har i tillegg pleie- og omsorgseining i Stordal, omsorgsbolig Eidsdal, samt habiliteringsteneste i Valldal og Stordal. Vi arbeider med å bygge eit sterkt sjukepleiar- og helseteam i kommunen og vil ha deg med på laget. Har du lyst til å arbeide som sjukepleiar hos oss er du hjerteleg velkomen til å bli med på laget vårt. Vi er på jakt etter dyktige sjukepleiarar som ynskjer og har evne til å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner. Ønskeleg med oppstart så snart som muleg.
I PLO har ein tredelt turnus med arbeid 3. kvar helg (annakvar helg om ønskeleg).
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene omfattar grunnleggande faglege sjukepleiaroppgåver
- Ein vil jobbe med blant anna stell, medisinering, kvalitetsarbeid og utarbeiding av planar.
- Det vil vere varierande, utfordrande og lærerikt arbeide.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg.
- Forutan faglege kvalitetar blir personlege eigenskapar vektlagt.
- Politiattest må leggjast fram ved tiltreding
- Bilsertifikat (B)
Personlege eigenskapar
- Er trygg, tydeleg og triveleg
- Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
- Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
- Vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevne.
- Tar sjølvstendig ansvar og likar å jobbe i team.
- Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til einkvar tid brukast i Fjord kommune.
Vi tilbyr
- Garantilønn lik 10 års ansiennitet - kr 578 600,-
- Sjukepleiar med 16 års ansiennitet har eit tillegg på kr 10 000,- i samsvar med lønnspolitisk plan
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Pensjonsordning i KLP.
- Er behjelpeleg med å finne leilighet/husrom.
Kontaktinformasjon
Marit Øvrevoll, Leiar PLO Valldal, +47 41867970Arbeidsstad
Olavsgata 346210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneReferansenr.: 4868426829
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Marit Øvrevoll
Leiar PLO Valldal
+47 41867970
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2762521
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eb7b761148474e048924320b02bd8eeb