Sjukepleier - 20%
Kort om stillinga
Vi søkjer deg som ønsker å jobbe 20% helgestilling på NH legevakt.
Om Nordhordland Legevakt
Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Den interkommunale øyeblikkelig hjelp døgneininga(ØHD) er organisert under legevakta. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus.
Arbeidsoppgåver
- Legevakt
- Legevaktsentral
- Laboratorie
- Sengepost
Kompetansekrav
- Du er autorisert sjukepleiar
- Du har minimum 2 års erfaring
Er du medisinstudent som har fullført 3. året kan du og søke.
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for legevaktsarbeid og sengepost
- Du har gode samarbeidsevner
- Du takler hektiske vakter på ein god måte
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Eit godt og hyggeleg arbeidsmiljø
Politiattest
I tråd med helse -og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Link til søknadsskjema: Send søknad